NRK Meny
Normal

SFT trugar med tvangsmulkt

Statens Forureiningstilsyn trugar Vest Tank med tvangsmulkt for gjentakande brot på regelverk for vassreinsing.

Tankeksplosjon i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Ingen har så langt kunne seie noko om årsak til eksplosjonen som onsdag råka tankanlegget Vest Tank i Sløvåg, men det vert spekulert i om tryggleiken ved anlegget er god nok.

Varslar mulkt

Statens Forureiningstilsyn (SFT) har ved tre kontrollar påpeika feil og manglar ved vassreinsinga, utan at Vest Tank har ordna opp. Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT stiller seg svært kritisk til at kritikkverdiga forhold ved Vest Tank ikkje har vorte utbetra.

- Saman med siste rapport i 2007, har vi varsla at dersom brota som er nemnde i kontrollrapporten ikkje vert retta opp innan tidsfristen, så vil vi vurdere tvangsmulkt, seier han.

Avviser alvorlege brot

- Vi ser at det er brot på regelverk i forhold til vannreinsing både i 2003, 2005 og 2006. Når dette gjentek seg gang etter gang, så ser vi alvorleg på det, seier Bjørnstad.

Dagleg leiar Jostein Berland i Vest Tank avviser at forholda er alvorlege. Han avvika som mindre forhold og justeringar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser