Hopp til innhold

SFT kan ha svar på tysdag

Heller ikkje i dag får innbyggjarane i Gulen svar på kva avfall tankskipet "Probo Emu" hadde med seg til tankanlegget i Sløvåg.

Opprydning Sløvåg
Foto: MMS: Dag Harald Kvammen Andersen

Vest Tank hadde frist til i dag med å svare Statens Forureiningstilsyn.

- Vi har fått noko, men ventar på meir, seier informasjonssjef Espen Larsen i Statens Forureiningstilsyn (SFT).

Han vonar at SFT har fått vurdert dokumentasjonen frå Vest Tank i løpet av tysdagen.

Skuld i plager

Ingen vart skadde i eksplosjonen, men i ettertid er flerie blitt sjuke.

Det vert spekulert i om avfallet frå det omtala skipet kan vere skuld i helseplagene.

Nye prøver

Statens Forureiningstilsyn har i dag bede om nye prøver frå det ureina området ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg. Bakgrunnen er at SFT vil kontrollera prøvene Vest Tank sjølve har teke.