NRK Meny
Normal

SFE vil kutte straum til øyar

Kring 10 gamle småbruk i Askvoll kan bli straumlause dersom Sogn og Fjordane Energi (SFE) får det som dei vil.

SFE vil søke om fritak frå å levere straum til fleire øyar.

- Dette er rett og slett sjokkerande seier Arne Dåvøy til Firda. Han eig eit lite småbruk på Heggøy, ei av øyane som vil bli råka av eit eventuelt straumkutt.

 

Dåvøy bur på Kyrkjebø, men blir snart pensjonist, og han hadde tenkt å bu på Heggøy store deler av pensjonisttida si. Men utan straum kan desse planane bli skrinlagde.

Nettdirekrør Asgeir Aase i SFE seier bruken av nettet i område er så liten at det ikkje forsvarar opprusting av linja. Han seier SFE kan tilby abonnentane tilskot til straumaggregat om dei ynskjer det.