NRK Meny
Normal

SFE og Sunnfjord Energi ønskjer å slå seg saman

SKEI (NRK): To store kraftselskap ønskjer å bli endå større og mektigare, og håpar dei kan spare pengar i same slengen.

Leiarane i Sunnfjord energi og SFE

SAMDE: Dei to leiarane Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi og Johannes Rauboti i SFE er samde om at det er ein god ide å slå seg i lag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er store moglegheiter for å drive meir rasjonelt i fellesskap for desse to selskapa, seier konsernsjef i SFE Johannes Rauboti.

Dei siste månadane har dei to selskapa vore i samtalar for å prøve å finne ut om det er ein god ide å slå seg saman. I dag presenterte leiarane for dei to bedriftene konklusjonen.

– Vi meiner at det er ein veldig god ide, seier Rauboti.

Johannes Rauboti

GODE SAMTALAR: Johannes Rauboti i SFE fortel at dei har hatt gode samtalar med Sunnfjord Energi.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det er likevel ikkje dei to sjefane som bestemmer. Eigarane av Sunnfjord Energi og SFE er kommunar, Sogn og Fjordane fylkeskommune og BKK. Det er dei som har siste ordet.

Også tidlegare har det vore planar om å slå saman dei to selskapa. For ti år sidan stranda forsøket, mellom anna fordi ein ikkje vart samde om kva som skulle ligge kor.

Kan spare 50 millionar

Eit av hovudargumenta for å slå seg saman er at ein ønskjer å spare pengar. Dei to selskapa meiner at ein kan kutte i utgifter på fleire måtar, mellom anna med å kutte i bemanninga. Til saman meiner sjefane at det kan vere rundt 50 millionar kroner i året å spare.

– Tidene har forandra seg, og skal vi hevde oss må vi utvikle oss, seier Rauboti.

Brulandsfossen

BLIR STØRRE: Dei to selskapa blir den største kraftprodusenten i fylket, men framleis eit lite selskap om ein samanliknar med store kraftprodusentar som BKK

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Vil halde fram både i Førde og på Sandane

Vel 100 av SFE sine 260 tilsette sit på Sandane i Gloppen, og bedrifta er ei stor hjørnesteinsbedrift i den vesle bygda. Når ein skal spare 50 millionar, vil ein del kome gjennom å kutte bemanninga.

Fredrik Behrens

HAR TRUA: Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi har trua på å skipe ei nytt kraftselskap i lag med SFE

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Men det er ikkje godt å seie kor det vil skje. Vi tenkjer at det vil vere folk både i Førde og på Sandane framover. Er det noko vi har gjort nok i Sogn og Fjordane, er det å krangle oss i mellom, seier direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi.

Dei tillitsvalde er avventande

Hovudtillitsvald blant dei tilsette i SFE, Geir Evebø, fortel at dei følgjer spent med på prosessen, men at dei vil vente og sjå før dei konkluderer.

– Det er klart at sånn generelt fører forandring alltid til litt uro, men det er for tidleg i prosessen endå til at vi skal meine så mykje om det som skjer, seier Evebø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.