Hopp til innhold

SFE og Sunnfjord Energi fusjonerer

Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi planlegg å slå seg saman. Selskapet skal ha hovudkontor i Førde.

Harry Mowatt
Foto: NRK

Ei arbeidsgruppe har sidan før jul arbeidd med fusjonsplanane. Begge styreleiarane, nestleiarane, direktørane og tillitsvalde har vore med i gruppa, som kom med ei samrøystes tilråding om fusjon 21. april. Styret i SFE sa onsdag ja til fusjon, men er delt i synet på lokalisering.

Hovudkontor i Førde

Eit fleirtal på fem følgjer tilrådinga frå arbeidsgruppa om å leggje hovudkontoret til Førde og kontoret for kraftproduksjon og marknad til Sandane. Mindretalet på fire vil ha hovudkontor på Sandane og kontoret for kraftproduksjon i Førde. Det er semje om at kontoret for nettproduksjonen framleis skal vere i Florø.

Styret i Sunnfjord Energi skal behandle saka 16. mai. Deretter skal eigarane seie sitt.

Om alt går etter planen vil det samanslegne selskapet vere ein realitet 1. januar 2007.

317 millionar i ekstra utbytte

Arbeidsgruppa føreslår å ta ut 317 millionar kroner i ekstra utbytte og fordele på eigarane.

SFE er eigd av fylkeskommunen, BKK og sju kommunar med mindre aksjepostar. Selskapet har ein omsetnad på kring 500 millionar kroner og ein eigenkapital på nærare 1,2 milliardar kroner. Konsernet er den største energileverandøren i Sogn og Fjordane og mellom dei store kraftselskapa på Vestlandet.

Sunnfjord Energi, som er det minste selskapet, er eigd av BKK og sju kommunar. Selskapet har ein omsetnad på 200 millionar kroner. BKK er største eigar, medan Førde og Fjaler er kommunane med største eigarpostar.

BKK største eigar

Den endelege aksjefordelinga er ikkje bestemt, men ifølgje styreleiar i Sunnfjord Energi, Harry Mowatt, vil BKK verte største eigar med i underkant av 40 prosent av aksjane. Fylkeskommunen vil få omlag ein like stor eigardel, medan kring 24 prosent av aksjane vil verte fordelte på 13 kommunar.

Eit fusjonert selskap vil få 36.000 nettkundar og vert eit av dei aller største på Vestlandet. Samla kraftproduksjon vil liggje ein stad mellom 1,5 og 2,0 milliardar kilowattimar.

- Mange fordeler

Mowatt ser mange fordeler med å slå saman selskapa. Drifta vil verte meir effektiv, og på sikt reknar han med at dei kan spare 10-15 stillingar.

- Dei tilsette vil verte del av eit større miljø med høve til spesialisering. Også lønsskilnadene vil verte utvida.

Ifølgje Mowatt vil ikkje kundane merke dei store skilnadene. Nettleiga er i dag omtrent lik i dei to selskapa.

- Nettleiga er bestemt av NVE og det er marknaden som avgjer straumprisen, seier Mowatt.