Hopp til innhold

SFE kjøper seg inn i datagruve

Sogn og Fjordane Energi kjøper seg inn i datalagringsprosjektet til Lefdal Gruve Drift A/S.

Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli

LAGRING I GRUVA: Det er store område i olivingruvene som er tenkte brukt til datalagring.

Foto: Pressefoto

Energiselskapet skal eige ein femtedel av prosjektet etter at dei kjøpte seg inn med om lag 20 millionar kroner.

Det er Local Host som står bak prosjektet der planen er å byggje eitt av dei største datalagringssenter i Europa. Senteret skal liggje i olivingruvene i Lefdal og området vil vere like stort som storleiken til 17 fotballbaner.

– Dette betyr mykje

Sindre Kvalheim, administrerande direktør i Local Host, seier samarbeidet med SFE betyr mykje for planane.

– SFE er vår lokale kraftkompetanse. Dette sikrar både lokalt eigarskap og kapital til å drive prosjektet vidare. No kan vi ta eit steg vidare, vi kan for alvor starte jobben med å tilsette folk og byggje ein organisasjon, seier Kvalheim til NRK.no.

– Det vil styrke miljøprofilen

Over heile verda aukar behovet for datalagring, og dette treng plass. Store, miljøvenlege datasenter er eit vekstområdet internasjonalt, og Lefdal Gruve Drift vil etablere eit slikt senter i olivingruvene på Lefdal i Nordfjord.

Med naturleg kjøling frå fjorden ligg alt til rette for eit sikkert og grønt datasenter.

– Kraftressursane og kompetansen frå Sogn og Fjoradne Energi vil styrke miljøprofilen til prosjektet, meiner Egil Skibenes som er styreformann i Lefdal Gruve Drift AS.

Han seier SFE har både leveransar og kunnskap innanfor straumforsyning som er vesentlege for å sikre rask realisering av prosjektet.

– At det blir med i selskapet er ein viktig milepæl for prosjektet, seier Skibenes.

– Spennande næringsgrunnlag

SFE meiner investeringa i gruveprosjektet er både god og lønsam og meiner dette vil styrke kjerneverksemda til selskapet.

– Med dette medverkar vi også til å skape eit nytt og spennande næringsgrunnlag for regionen med eit potensial for mange nye arbeidsplassar. SFE vil bli ein sentral bidragsytar innan både kraft, nett, fiber og kommunikasjon og energifagleg rådgjeving, seier Arvid Lillehauge, styreleiar i SFE.