NRK Meny
Normal

SFE får pengar til store investeringar

Sogn og Fjordane Energi (SFE) har henta inn 211 millionar i eigenkapital frå sju av eigarane sine for å bygge ut ny kraft og fornye straumnettet sitt.

SFE på Sandane

FÅR STØRRE ØKONOMISK MUSKELKRAFT: SFE-hovudkvarteret i Bukta på Sandane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Investeringa frå fylkeskommunen på nær 169 millionar kroner er den største delen, medan kommunane Flora og Gloppen skyt inn høvesvis 15,8 og 11,8 millionar.

Då fristen for å delta i ein emisjon i SFE gjekk ut denne veka, hadde sju av eigarane vedteke å investere totalt 211 millionar kroner i selskapet.

– Det var svært gledeleg å få denne tilliten frå eigarane, og det er viktig for satsinga framover, seier konsernsjef Johannes Rauboti i SFE.

Årsaka til at dei har henta inn meir i eigenkapital er blant anna store investeringar i straumnettet og i nyt kraft.

Østerbø kraftverk

– Vi er i ein fase der vi har store investeringar selskapet, både på nett og på kraftproduksjon fram til 2020, som er tidsfristen for å få elsertifikat. Den tidsfristen må vi halde. Mellom anna gjeld det Østerbø kraftverk, som er ei stor investering.

På Sogn og Fjordane Energi (SFE) si generalforsamling i juni vart det vedteke å gjennomføre ein eigenkapitalemisjon blant eigarane. Ein slik emisjon inneber at ein skriv ut nye aksjar som eigarane kan kjøpe, med det siktemål å tilføre selskapet meir eigenkapital.

Johannes Rauboti

– GLEDELEG: Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sju av ni eigarar med

Med unnatak av BKK og Naustdal kommune, deltek alle aksjonærar i kapitalauken. Sogn og Fjordane fylkeskommune, gjennom Sogn og Fjordane Holding AS, og kommunane Askvoll, Bremanger, Gloppen, Flora, Eid og Selje bidreg med totalt 211 millionar kroner.

– Det er i næringslivet som i samfunnet elles – det er ulike tider for å så og for å hauste. Ei styrking av eigenkapitalen no vil gi eit godt grunnlag for å auke utbytet i seinare år når vi igjen går inn i periodar med lågare investeringsnivå, seier Rauboti.

Emisjonen medfører ikkje at nokon av eigarane kjem over 50 prosent eigarskap og får direkte fleirtal. Gjennom sitt holdingselskap aukar fylkeskommunen sin eigardel frå 48,2 prosent til 49,6 prosent, medan BKK på si side reduserer sin eigardel frå 38,5 prosent til 36,8 prosent.

– Skal bere frukter

Under presentasjonen til fylkestinget og eigarmøta sist juni, kunne SFE presentere ein samla verdiauke på rundt 4,4 milliardar kroner sidan konsernet vart danna i 2003 – tilsvarande ein avkasting til eigarane på rundt 8 prosent årleg. Rauboti har god tru på at konsernet skal vere eit godt investeringsobjekt også framover.

– Den finansielle situasjonen til SFE er god, men vi treng kapital for å sikre god utvikling i ein periode med store investeringar. Vi skal arbeide hardt for at eigarane si investering i selskapet skal bere like gode frukter som tidlegare år, seier Rauboti.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.