Av Olga Wergeland og Kjell Arvid Stølen
SFE vurderer å engasjere seg når det gjeld kraftforsyninga til verket, skriv dei i ei pressemelding.
- Vil styrke fagmiljøet
Eit engasjement innan metallverket vil kunne styrke verdiskapinga i SFE, samt styrke SFE sitt fagmiljø innan kraftforvalting, heiter det i meldinga.
- Mykje igjen for pengane
I fyrste runde bestemte Hydro seg for å ikkje selje metallverket, og det gjorde framtidsutsiktene i Høyanger dystre. Men det kanadiske selskapet Timminco la i slutten av august inn eit nytt bod på Høyanger Metallverk. Det skapte nytt håp for dei tilsette. No kjem SFE på bana, og konsernsjef Ole Schanke Eikum seier dei må tene pengar på ei slik investering.
Arkivfoto NRK
- Får ikkje subsidiert kraft
Schanke Eikum seier eit engasjement rundt metallverket vil kunne styrke verdiskapinga i SFE og vil styrke sjølve konsernet. Han avviser at dei vil subsidiere selskapet med billeg kraft. - Men det er viktig med lokal tilknytning., meiner Eikum.
- Positivt, seier Fredagsvik
- Det er veldig positivt at eit kraftselskap går inn og tek samfunnsansvar samstundes som dei ser at her går det an å gjere business, seier leiaren i Høyanger Kjemiske Fagforening, Billy Fredagsvik.