Hopp til innhold

Dette er sexvett-reglane for russen

«Vis respekt for andre sine grenser. Eit nei er eit nei». Det er ein av ni sexvett-reglane som likestillings- og diskrimineringsombodet ber russen om å følgje for å unngå seksuelle overgrep.

Russetreff i Førde 2011

VIS RESPEKT: Sexvett-reglane oppmodar russen til å vise respekt for kvarandre. (ARKIVFOTO: Russen på biletet har ingenting med saka å gjere).

Foto: Simon Solheim/NRK

Ombodet meiner det er viktig å tore prate om at seksuelle overgrep skjer, og håpar sexvett-reglane kan setje saka på dagsorden.

Aller helst håpar dei at ungdomen følgjer reglane.

- Vi veit at minst 15 prosent av alle jenter opplever eit seksuelt overgrep før dei vert 20 år. Mange av desse skjer i russetida, seier likestillings- og diskrimeringsombod Sunniva Ørstavik.

Fleire russevaldtekter

Berre nokre dagar inn i russefeiringa har det allereie kome inn fleire meldingar om valdtekter knytt til feiringa. Natt til 1. mai skal ei jente ha blitt valdteken på eit russetreff på Tryvann i Oslo.

Natt til onsdag fekk politiet melding om eg mogleg valdtekt i samband med ein russefest i Førde. Ein russ er sikta etter hendinga, og politiet etterforskar no saka for fullt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Russetreff i Førde 2011

RUSSEFEIRING: For mange inneber russefeiring høg stemning og mykje alkohol. Biletet er frå eit russetreff i Førde tidleg i mai i år.

Foto: Simon Solheim/NRK

- Vi må tore setje fokus på dette

Ørstavik seier dei av erfaring veit at det skjer fleire valdtekter i løpet av russetida.

- Kombinasjonen av ungdom og mykje alkohol gjer at russetida er ei spesiell utsett tid, seier Ørstavik til NRK.no.

Likestillings- og diskrimineringsombud Sunniva Ørstavik

REGLAR: Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik håpar russen følgjer dei ni sexvett-reglane ombodet har laga.

Foto: LDO

Samtidig legg ombodet vekt på at russefeiringa er ei fin tid for ungdomen. Dei har utarbeidd sexvett-reglar for russen, i håp om at dei skal bidra til auka merksemd rundt problemstillinga.

- Det farlegaste vi kan gjere er å ikkje snakke om dette. Mange valdtekter skjer i festleg lag, og den vanlegaste overgriparen er ein du kjenner. Vi håpar desse reglane kan vere med å gjere ungdomane meir bevisste, seier Ørstavik.

Ni sexvett-reglar for russen

Sexvett-reglane frå Likestillings- og diskrimineringsombodet er utarbeida med fjellvettreglane som utgangspunkt.

- Vi meiner det er mykje sunt bondevet i fjellvettregane, og har difor skrive dei om til sexvett-reglar, seier Ørstavik.

Dette er reglane:

  • Legg ikkje ut på langtur utan trening. Bli kjend med din eigen kropp før du har sex med andre.
  • Meld frå til vennene dine kor du går. I alkoholrus er det lett å gå seg vill.
  • Vis respekt for andre sine grenser. Eit nei er eit nei.
  • Ver rusta mot uønska graviditet og kjønnssjukdomar, sjølv på korte turar Berre kondom gir beskyttelse mot sjukdomar. Lær deg korleis du bruker den.
  • Gå ikkje åleine! Pass på kvarandre
  • Lær deg ditt prevensjonsmiddel å kjenne. Finn ut kva du skal gjere dersom noko går gale. (Huska at naudprevensjon må takast så fort som mogleg dersom prevensjonen sviktar).
  • Vend i tide – det er ingen skam å snu. Det er lov å sei nei, for begge partar.
  • Spar på kreftene! Avslutt festen i tide – og husk å få i deg nok søvn og mat til å ha det gøy dagen der på.
  • Lytt til erfarne fagfolk. Dersom du lurer på noko om kropp og seksualitet ring SUSS.