Hopp til innhold

Sette rekord med ski, skjerm og loopar

Ei kvinne og 11 menn sette uoffisiell verdsrekord då dei til saman tok 40 loopar med speedrider frå Storehogen i Sogndal.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Følg dei 12 hopparane medan dei gjer avanserte triks med skjerm og ski. Foto: Magnus Davidsen, Anita Vedå, Jesper Kirkeby Brevik og Vegar Vedaa. Klipp: Magnus Davidsen. Musikk: Philco Fiction – Gone, Rhythm Pond, Since Rabbit – Little Astronaut, Anana – Manierism (Musikken er henta frå NRK P3 Urørt)

Morten Knapstad

IVRIG SPEEDFLYER: Morten Knapstad bruker mykje av fritida på å ski og skjerm.

Foto: Jan-Tore Solberg

27-åringen Morten Knapstad frå Voss er ein av dei ivrige som var med på forsøket. Han er i Sogndal i samband med Fjellsportfestivalen som blir arrangert denne veka.

Knapstad og dei 11 andre gjekk opp på Storehogen fredag ettermiddag for å prøve å setje rekord. Målet var å ta så mange« rollar», eller loopar, dei klarte i løpet av turen.

– Herfrå flaug vi ned til sandstranda på Eide, med ski på beina, fortel han.

Dei som driv speedriding har ski på beina og ein liten paraglider på ryggen.

– Dette gjer at vi kan oppsøkje bratt terreng som vanlegvis er utilgjengeleg. Men det er ikkje alle som gjer loopar når dei driv med dette, for det er ein litt avansert manøver, seier han.

Røyk for å vise rotasjonen

Under rekordforsøket hoppa dei ut åleine eller i små grupper for ikkje å komme i konflikt med kvarandre medan dei snurra rundt si eiga akse. Og litt røyk sette ein ekstra spiss på det heile.

– Røyken er mest gimmick, men den er med på å vise rotasjonen på ei god måte i lufta.

Må vere ekstra skjerpa

Det er ikkje for alle å setje utfor fjellsidene med ski og ein skjerm. Dei som driv på med denne sporten, må ha kurs, erfaring og lisens.

– Dei fleste av oss driv med fallskjerm eller paragliding til vanleg.

Før slike hopp seier Knapstad at han er litt nervøs, men at det er bra fordi han då blir ekstra skjerpa.

– Det er ikkje rom for å gjere grove feil når vi driv med denne sporten.

Dei tolv som hoppa i går og som skal ha sett ny rekord, veit ikkje kva den gamle var.

– Det er vel ingen som har heilt oversikt over det, men vi reknar med vi har slege den gamle med god margin, ler han.