Hopp til innhold

Sette verdsrekord jorda rundt

I løpet av 56 timar og 56 minutt rakk Gunnar Garfors og reisefølget innom alle dei seks busette verdsdelane og har dermed sett ny verdsrekord jorda rundt.

Gunnar Garfors, Ronald Haanstra og Erik de Zwart

UNDERVEGS: Gunnar Garfors, Ronald Haanstra og Erik de Zwart i cocpiten på eit av dei mange flya som frakta dei jorda rundt.

Foto: Privat

– Vi har alle våre hobbyar, ler Garfors når NRK snakkar med han like etter at han hadde landa i Sydney i Australia.

Naustedølen er frå før ein svært bereist mann og er den yngste i verda som har vitja alle land i verda. Han er også den som har besøkt flest land i løpet av 24 timar. No kan han krysse av nok ein rekord.

– Vi har slått den gamle verdsrekorden med ni timar og 35 minutt. Så no feirar vi med kebab og nokre beger her i Sydney, seier Garfors, som til dagleg jobbar som distribusjonsrådgjevar i NRK.

Guinness rekord

Med på rekordforsøket har han også to nederlandske vener. Dei tre er no i ferd med å sende inn dokumentasjon til Guinness, slik at reisa kan kome med i rekordboka.

Gunnar Garfors

REISEGLAD: Gunnar Garfos frå Naustdal har vitja alle verdas land, og har no også sett verdsrekord jorda rundt.

Foto: Privat

– Det er ikkje denne måten eg likar best når eg er ute å reiser. Men skal du sette verdsrekord så er det som å springe 400 meter på eit stadion. Du ser ikkje så mykje på kva skjer rundt på stadion, då er det berre å springe. For oss handlar det om nå neste fly, seier Garfors.

Bomma med fire minutt

Bak ein slik rekord ligg det mykje og nøye planlegging. Også i fjor sommar prøvde trioen seg på rekordforsøket, det gjekk ikkje så bra.

– Då klarte vi det nesten, men bomma på det siste flyet med fire minutt.

Den gongen byrja dei reisa i Algerie i Afrika. I Madrid bomma dei altså på det siste flyet med fattige fire minutt.

– Det var ekstremt irriterande, og er noko som har gnege oss heile tida etterpå, seier Garfors.

Prøvde på nytt

Då dei tre for alvor bestemte seg for å gjere eit nytt forsøk valde dei Sydney som start og mål.

– Det jo litt på «tryne» kan du seie. Det betydde at vi først måtte reise halve jorda rundt for å kome hit. Så reise jorda rundt, for så å reise halve jorda rundt heim igjen. Men dette er den raskaste måten å gjere det på, ler Garfors.

Skriv bok

For Garfors går ikkje turen rett heim til Noreg igjen sjølv om verdsrekorden no er i boks.

– Eg kombinerer opphaldet her i Australia med å skrive bok. Eg skal skrive om verdas minst besøkte land som ligg i Oseania, same verdsdel som Australia, seier Garfors.