Hopp til innhold

Her jublar Leif etter å ha sett verdsrekord

Med ein topphastigheit på 55,5 knop vart det i dag klart: Verdas raskaste elbåt kjem frå Florø.

Jublar for verdsrekord

JUBLAR: Så glad vart Leif Stavøstrand etter å ha sett ny hastigheitsrekord for elbåt, i florø idag.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Det er heilt surrealistisk. Eg fekk gåsehud då eg såg ned på speedometeret, seier båtførar Leif Stavøstrand.

Saman med resten av gjengen i Evoy kunne han fredag føremiddag juble for at båten deira Evoy1 sat ny verdsrekord i hastigheit for elektrisk drivne båtar.

Gamal draum

Det var ikkje få som hadde møtt opp då Stavøstrand køyrde inn til det som inntil vidare står som uoffisiell verdsrekord i Florø i dag. For Stavøstrand og resten av entreprenørane i Evoy er dette ein draum som har tatt tid.

– Me byrja for 15 år sidan på dette prosjektet. Men det var vel for to år sidan at me bestemte oss for å lage desse hurtiggåande båtane.

– Då tenkte me det kunne vere eit fint mål å ta verdsrekord.

Den førre verdsrekorden var på 51,3 knop.

Sjølv om den rekorden blei teken med god margin, var ikkje Stavøstrand heilt sikker på om rekorden ville bli tatt.

– Me har faktisk ikkje gått over verdsrekord-fart før i dag, så det vart litt gambling. Eg trudde me skulle klare det, men ikkje så overbevisande, fortel han.

Nye mål

Stavøstrand fortel at neste steg no er å byrje å jobbe mot å få båten i serieproduksjon.

– Målet er å verte klar til å byrje å levere til våren.

Sjølv om verdsrekorden på fredag ikkje vert sett på som offisiell, så er Stavøstrand klar på at dei kjem til å prøve igjen.

– Me fekk bekrefta på torsdag at me ikkje fekk registrert rekorden, så då er det naturleg for oss å køyre fleire turar når me har fått meir varme i vêret.

– Då skal du ikkje sjå vekk frå at båten går enda raskare, seier han.