Hopp til innhold

Kåra til Vestlandsmeister - tok tre norgesrekordar

Jantsen Øverås er i kanonform ein månad før NM. Men målet er å komme til EM.

Jantsen Øverås

REKORDAR I FLENG: Jantsen Øverås vil klare seniorkravet til EM.

Foto: Nils Ove Roset

– Dette har han jobba lenge for, seier ein entusiastisk trenar for vektløftarane i Tambarskjelvar, Gunnar Reiakvam.

Jantsen Øverås sette laurdag tre norgesrekordar under Vestlandsmeisterskapen. Her løfta han 116 kg i rykk og 146 kg i støt.

Dermed tok han samanlagdsigeren i sin klasse, 69 kg. Med det var han også over kravet i sin vektklasse til at han fekk Gullklokka som er ei heidersutmerking i vektløftarmiljøet.

– Han var godt fornøgd med innsatsen sin, for det er berre ein månad att til NM. Men då skal det bli enno betre, seier Reikakvam.

Målet under NM er å innfri kravet til senior EM for Øverås. Men også vektløftarane Sindre Rørstadbotten og Ine Andersson er nær kravet til EM seier Reiakvam.

Beste kvinne

Ine Andersson er også i god form før NM. Laurdag vart ho beste kvinne under meisterskapen i Bergen.

Ho rykka 80 kg og tok 97 kg i støt.

Tambarskjelvar hadde med seg 15 vektløftarar til Bergen og stakk i alt av med 8 gullmedaljar, ifølgje Reiakvam.

NM går av stabelen 28. februar i Spydeberg.