Hopp til innhold

Sette den første spikaren i kista mot OL i Oslo

– Eg er fornøgd med det. Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, var ein av hovudmennene bak OL-nei til Oslo.

Frank Willy Djuvik

FORNØGD MED OL-NEI: Frank Willy Djuvik er fornøgd med at Frp fekk tvinga Høgre til å snu i spørsmålet om statsgaranti til eit OL, og dermed kvelva OL-draumen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

På Frp sitt landsmøte i mai skjedde det magiske for fylkesleiaren i Framstegspartiet frå Sogn og Fjordane: Eit knapt fleirtal sa nei til OL i Oslo i 2022.

– Vi undervurderte motstandarane våre, men heldigvis gjekk det, seier Djuvik.

Fylkesleiaren i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, har gått glipp av reaksjonane etter at søknaden om eit OL i Oslo vart klubba ned av Høgre tysdag denne veka.

Bananas telefon

Han er på studietur til Tyskland med Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Han forstod ikkje kva som skjedde då det plutseleg tikka inn masse gratulasjonar på mobilen.

– Eg trudde telefonen hadde gått heilt bananas. Det var masse helsingar og gratulasjonar, så då forstod eg at Høgre hadde sagt nei.

Djuvik var ein av hovudarkitektane bak resolusjonen frå Sogn og Fjordane Frp til Landsmøtet i mai som sa nei til å gje statsgaranti til OL i Oslo 2022.

– Vi var relativt sikre på å få fleirtal for resolusjonen som Sogn og Fjordane Frp og Troms Frp hadde sett fram. Men etter tordentalen til Carl I. Hagen trudde eg løpet var køyrt, humrar Djuvik i ettertid.

Nynorsk resolusjon gjorde susen

Resolusjonen kan vere den første nynorske resolusjonen som er vedteke av årsmøtet i Frp. Det er Djuvik stolt av, og har ingenting i mot å bli karakterisert som ein "OL-dødare".

– Det har eg ingenting i mot å bli kalla. Eg håpar verkeleg eg har bidrege til eit nei. Men om eg er hovudarkitekt får vere opp til andre å bedømme.

Men Djuvik understrekar at dei var fleire som var sentrale for å velte OL-draumen.

– Kristine Lie var fortreffeleg då ho på Landsmøtet plukka sund argument for argument om kostnadar.

Kristine Lie

VIKTIG STØTTESPELAR: Kristine Lie reiv i filler argumenta for eit OL under det viktige landsmøtet til Frp.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I tillegg nemner han gjerne FrpU, Frp i Sør-Trøndelag og Troms som viktige for å få eit nei frå moderpartiet.

Høgre ville sagt ja

– Mange har merka seg jobben vi gjorde for å stoppe OL. Særleg i nord og ein del personar sentralt i partiet har kommenter det, seier Djuvik.

Djuvik er sikker på at dersom ikkje Frp hadde røysta nei til å gje statsgaranti ville det blitt eit OL i Oslo.

– Med Frp sitt nei til statsgaranti så tvinga vi Høgre, som eigentleg var for eit OL, til å revurdere standpunktet sitt. Høgre hadde heilt sikkert falle ned på eit ja, viss det ikkje var for Frp-standpunktet, meiner han.

I tillegg meiner Djuvik at det var strategisk smart at han i BT trua med å fremje sak til landsstyret om at Frp måtte gjere ei ny vurdering av regjeringssamarbeidet med Høgre.

Han har aldri fått nokon negative kommentarar på engasjementet han har hatt mot eit OL i Norge.