Det kom fram då Marta Kviberg forklarte seg i retten tysdag.
Ho er lærar ved folkehøgskulen, og var det første vitnet i dag to i rettssaka mot Hassan Samryie Hashin.
Forsvarar Herman Alexander Hoff spurte om kva som vart sagt på skulen etter drapet.
- Ja, det vart sagt at ho hadde vener utanfor skulen, fleire mørkhuda personar, sa læraren.
Marta Kviberg var linjelæraren til Hedda Karterudseter. Ho fortalte i retten at ho vart tilkalla av elevar som hadde vore på rommet til Hedda, torsdag 28. oktober.
Ingenting å gjere
- Eg sprang bort til hybelen til Hedda. Så kom eg inn på rommet. Då var det ingen elevar inne på rommet, forklarte folkehøgskule-læraren.
- Det første eg såg var at ho låg på golvet med dyna over seg. Eg løfta av ho dyna og ropte namnet hennar. Eg tenkte eg måtte legge ho i stabilt sideleie, men såg at det var for seint, sa læraren.
Tiltalte Hassan Samriye Hashin sit berre tre meter frå vitnet og ser ned i bordplata. Han held hendene framfor augene og ser ikkje på vitnet.
Forklaringa til læraren er kjenslelada og ei stor påkjenning for foreldra og andre familiemedlemmar som sit heilt bak i rettssalen.
- Lite blod
Statsadvokat Bjørn Soknes bad ho detaljert forklare kva ho såg, korleis Hedda Karterudseter låg, kva ho hadde på seg og kva som elles var i rommet. I går kom det fram at politiet fann blod på rommet, og læraren såg også blodspor. Ho ringte etter hjelp då ho hadde undersøkt Hedda Karterudseter.
- La du merke til at det var mykje blod på hybelen, spurte statsadvokat Bjørn Soknes.
- Nei, eg tykte det var overraskande lite blod, men eg såg blodspor, sa læraren.
- Tung tid
Folkehøgskulelæraren fortalte at det var ei tung tid for heile skulen etter drapet på Hedda Karterudseter.
- Det var veldig tungt med alle avhøyra. Elevar ville ikkje gå heim åleine, og det var ei tøff tid.
- Har det prega heile skuleåret, spør Soknes.
- Ja, det ligg bak der. Men vi har vorte ein samansveisa gjeng som kan snakke om alt, sa ho.