Hopp til innhold

Sette rekord på 1500 meter

14-åringen Eivind Øygard frå Jølster IL sette ny krinsaldersrekord på 1500 meter under første dag av G-sportleikane i friidrett på Lillehammer.

Øygard fekk tida 4,25,80 og forbetra dermed rekorden til Vidar Nyhammer frå Fjellhug/Vereide frå 2003 med vel 12 sekund.

I same heatet sprang også Knut Olav Øygard, Jølster IL, under den gamle aldersrekorden med eit løp på 4,31,41. Desse løparane sikra med sine løp tredje- og fjerdeplass i det jamne feltet.