Hopp til innhold

Sette opp to storkampar i cupen

Det er klart for to lokale storkampar i første runde av årets NM i fotball.

Tore Andre Flo og lagkameratane i Sogndal vart for små for FSK-juniorane.

SKRELL IFJOR: For eitt år sidan slo Florø storebror Sogndal ut av cupen. No får dei sjansen til å sende erkerival Førde ut av NM.

Foto: Alf Vidar Snæland

Norges Fotballforbund sette torsdag opp kampane i første ordinære runde av NM i fotball, og det ligg an til to godbitar for dei som er interesserte i lokalfotballen:

  • Førde - Florø
  • Tornado Måløy - Sogndal

Kampane mellom Førde og Florø er tradisjonelt kjende for å ha høg spenning og intensitet - eit klassisk oppgjer mellom to byrivalar.

Tornado Måløy slo Stryn 2-1, medan Florø vann 2-0 over Årdal i den andre kvalikrunden til cupen. Førde og Sogndal er direkte kvalifiserte til første runde.

Kampane i første ordinære runde blir spelte onsdag 17. april.

Kva lag som møter kven er ifølgje forbundet bestemt ut frå ei totalvurdering som baserer seg på mellom anna reiselengde, belastning og historikk.