Avduka minneplate for «Føygutten»

Ein kald februarkveld i 1953 skulle fiskebåten «Føygutten» dra sine siste garn. Fem mann kom aldri tilbake. – No har vi ein plass å kome for å minnast dei vi mista.

Avduking av minneplate på Bulandet

TIL MINNE: Minnesmerket etter «Føygutten» var svært etterlengta for familiane til dei omkomne.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Under vintersildfiske på Bulandet kom fiskebåten «Føygutten» for nær land. Det vart ikkje oppdaga før det var for seint. Båten forliste på Gjørøyneset.

Det var sju mann om bord. To overlevde. Fem vart aldri funne.

Ove Bang Sætre frå Karmøy var berre sju månader gammal då ulukka hende. Om bord i fiskebåten var faren hans, Olav Bang. Han var 22 år og yngstemann på båten. Olav overlevde ikkje.

Sætre fortel at det ikkje var vanleg å prate om slike ulukker på denne tida. Først då han var sju år og begynte på skulen fekk han vite kva som hende med faren.

Føygutten

BÅTEN: Slik såg «Føygutten» ut.

Foto: Ove Bang Sætre

– Det har vore tider i oppveksten der eg har vore prega av det, men eg hadde det veldig godt heime, fastslår han.

For om lag eitt år sidan var Sætre på Bulandet for første gong. Her var pårørande samla for å minnast dei omkomne. Utan ei grav å besøke, meinte familiane til dei omkomne at ei minneplate burde kome på plass.

– Endeleg ei grav å gå til

Førre laurdag var pårørande samla nok ein gong på Bulandet. 66 år etter at fiskebåten forliste vart det avduka ei minneplate for «Føygutten» og dei omkomne.

Avduking av minneplate på Bulandet

EIN STOR DAG: Ove Bang Sætre og Bent Ronny Landøy Midtbøen under avdukinga av minneplata på Bulandet.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Dette er vi alle veldig glade for. No har vi ein plass å kome for å minnast dei vi mista, seier Sætre.

Bengt Ronny Landøy-Midtbøen heldt avdukinga på vegne av familiane.

– Minneplata er for dei fem som forsvann denne dagen, seier han.

Minneplata er støypt i bronse og er bora fast i fjellet like ved Gjørøylykta på Gjørøyneset.

– Plasseringa av plata er veldig naturleg. Når folk les kva som står på den, ser dei rett mot staden der båten forliste, som berre er hundre meter frå Gjørøylykta, fortel han.

Avduking av minneplate på Bulandet

GJØRØYLYKTA: Hundre meter i frå Gjørøylykta forliste båten «Føygutten» i 1953.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Prega øysamfunnet

Brødrene Trygve og Bjørn Norheim hadde besøk av søskenbarnet Wilfred Norheim då ulukka hende. Berre unggutar, vart dei vitne til kva som hende den kalde vinterkvelden.

– Vi sto heime i huset vårt då vi såg dette. Det såg ut som at båten skulle renne på land, seier Trygve Norheim, som berre var 9 år gammal då båten forliste.

Avduking av minneplate på Bulandet

AUGEVITNE: Søskenbarna Wilfred og Trygve Norheim var to av vitnene til forliset.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Kvar gong dei passerer staden der ulukka hende kjem minna frå den skjebnesvangre kvelden tilbake.

– Ulukka gjorde sterke inntrykk og har sett sine spor, vedgår han.

Landøy-Midtbøen seier det var mange båtar som forliste på 50-talet. Han håper at minneplata som no er kome opp på Bulandet kan vere til inspirasjon for andre.

Avduking av minneplate på Bulandet

AVDUKING: Bengt Ronny Landøy-Midtbøen avduka minneplata på vegne av familiane.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Eg trur ikkje det finst mange minneplater i denne stilen. Det er veldig rørande at familiane som mista sine kjære no har fått eit innblikk i kva som skjedde, og nye band til staden der ulukka hende, avsluttar han.