Hopp til innhold

Sette ny verdsrekord

Beate Kårstad Støfring frå Jølster har sett ny verdsrekord i kettlebell. Det gjorde ho i øvinga Long cycle som går ut på å løfte kulene til hoftehøgde og over hovudet i ti minutt. Dette klarte ho 73 gonger med kuler på 24 kilo kvar. Verdsrekorden blei sett under ein meisterskap i Australia. – Det er deilig å ha klart verdsrekorden. Dette lovar bra for resten av treningsåret og VM i oktober, seier ho. Støfring har også tidlegare i år sett verdsrekordar i kettlebell.

Beate Kårstad Støfring
Foto: Privat