Hopp til innhold

Så klarte Gunnar å vitje fem kontinent på eit døgn

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Dette er heilt vilt, men vi klarte det! Det sler Gunnar Garfors frå Naustdal fast etter at han sette ny reiserekord med å vitje fem ulike kontinent på eit døgn.

Globetrottaren frå Sunnfjord sette måndag denne veka ut på ei reise svært få - om nokon andre - har gjort før han.

Saman med den britiske TV-produsenten Adrian Butterworth i Adelia Television, starta han i den asiatiske delen av Istanbul i Tyrkia.

Så gjekk turen gjekk vidare via Casablanca i Marokko, så til Paris, deretter til Den Dominikanske Republikk i Nord-Amerika før turen enda i Caracas i Venezuela!

Garfors meiner at dette er første gongen nokon har gjort ein slik tur, i alle fall med rutegåande transport.

Skal lage dokumentar

– Kva skal ein seie. Dette har vore intenst og ekstremt moro, fortel Garfors på ei mildt sagt dårleg telefonlinje frå Venezuela.

Målet no er at det skal lagast minst ein TV-dokumentar om det ville prosjektet, for undervegs filma dei det meste av det som hendte - og intervjua folk dei møtte på vegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dominikanske Republikk

LANG TUR: Punta Cana i Den Domikanske Republikk var nest siste stopp på den eventyrlege reisa.

Foto: privat

Svært imponert

Heime i Noreg sit bror til Gunnar, Øystein Garfors. Han er svært imponert over det den reisevande storebroren har fått til i løpet av berre eit døgn.

– Nokon tykkjer jo at dette er berre heilt galskap. Mange kvir seg jo berre for å gå gjennom tryggleikskontrollen på Bringeland eller Gardermoen. Her har han vitja fem land og fem kontinent på eit døgn, seier Øystein til NRK.

Ekstremtur

Han meiner at det å gjennomføre ei slik ekstrem reise kan samanliknast med det å springe 100-meter på toppnivå.

– Ein som er topptrent vil jo springe det på under 10 sekund, medan som ikkje er trent vil bruke mykje lenger tid. Det same er det jo litt med reising også, om ein er erfaren og førebudd og veit kva ein går til.

Må sove ut

Etter å ha sove ut i Caracas i Venezuela kjem Gunnar Garfors og kompanjongen Adrian til å reise den same reisa baklengs. Men utan tidspress, og med betre tid til å filme i dei ulike landa og kontinenta.

–Det var utruleg å lande i Venezuela og å vite at ein faktisk har gjennomført ein av dei meir galne ideane eg har hatt, fortel Garfors før han går tilbake til senga for å kvile seg klar for nye reiseopplevingar.