Hopp til innhold

Ingen i Norge held pusten som han

Bjarte Nygard (30) frå Kaupanger heldt pusten i seks og eit halvt minutt under vatn. Det er ny norsk rekord.

Bjarte Nygard

LUNGEKAPASITET: Bjarte Nygard heldt pusten i 6 minutt og 31 sekund - under vatn. Arkivfoto

Foto: Privat

Under lag-VM i fridykking på Okinawa i Japan viste sogningen nok ein gong at han er i verdeseliten når det gjelder dykking utan medbringa oksygen.

Sidan 30-åringen vart verdsmeister i fridykking i Danmark i fjor, har han sett fleire nye rekordar.

Rekord i pust

I Japan vart det ny norsk rekord i å halde pusten under vatn, og Nygard forlenga også rekorden i lengdesvømming i basseng med finne.

– Static Apnea – å holde pusten under vatn mens ein ligg i ro – har ikkje vore min favorittdisiplin, men under denne konkurransen løysna det. Minuttane gjekk fint, og eg var i fin form då eg kom opp, seier Bjarte Nygard.

Den nye, offisielle norgesrekorden er 6.31, som er ei forbetring av den gamle norske rekorden med 18 sekund.

Rekord i lengde

Kaupanger-dykkaren gjorde også eit godt dykk i disiplinen DYN, der ein skal symje lengst mogleg i eit basseng med monofinne eller vanlege finner.

Nygard kom opp til overflata etter å ha lagt bak seg heile 220 meter under vatn. Også dette var ny norsk rekord.

Artikkelen held fram.

Fridykkarar - VM i Japan

DET NORSKE LAGET: Elisabeth Kristoffersen (t.v.), Steinar Schjager og Bjarte Nygard dykka for Norge under verdsmeisterskapen i Japan.

Foto: Annette Schjager

Norge tok femteplassen

Prestasjonen i lengdeøvinga vippa også Norge opp til ein femteplass totalt i verdsmeisterskapen.

Med seg på det norske laget hadde Nygard fridykkarane Steinar Schjager (32) frå Skien og Elisabeth Kristoffersen (22) frå Gjøvik.