Hopp til innhold

Sprang inn til ny krinsrekord på 60 meter

Jostein Joshua Fossøy sette ny krinsrekord i bonusfinalen på 60 meter under Florø Indoor laurdag med tida 6,87. Dermed sette han også ny personleg rekord med to hundredelar.

Jostein Joshua Fossøy

JUBLA: Jostein Joshua Fossøy var svært nøgd etter ny pers og krinsrekord på 60 meter.

Foto: Eirik Hildal / NRK

På heimebane suste florøværingen Jostein Fossøy inn til ny bestenotering, både personleg, men også for krinsen.

Bonusfinalen var eit tilleggsheat for dei som ønskte. I A-finalen på 60 meter sprang Fossøy på 6,94, det same som klubbkamerat Øyvind Strømmen Kjerpeset. Kjerpeset sprang på 6,94 i bonusfinalen.

Har også kvalitetar til 100 meter

– Utviklinga har vore veldig bra. For to år sidan sprang eg på 6,99 i NM innandørs, så eg er klart ein 60 meter-løpar, seier Fossøy.

Framover har han tenkt å byggje vidare på dei gode resultata, og er klar på at resultatet i Florø laurdag er svært motiverande.

– Innandørs så er det 60 meter som gjeld. Men eg satsar på å bli så god på 60 meter at det held inn. Eg har kvalitetar inne til ein 100 meter. Men eg jobbar litt med toppfarten, seier Fossøy.

Førre sesong gjekk ikkje heilt som han hadde tenkt, så resultata i dag var oppløftande for ungguten.

– Fjoråret var prega av mykje skadar, og eg slo opp att den same skaden tre-fire gongar. I tillegg fekk eg litt sjukdom til forskjellige tider, seier Fossøy.

Ndure tok førsteplassen

Han karakteriserer likevel fjorårssesongen som heilt grei.

– Eg hadde framgang også, men ikkje så mykje som eg hadde sett for meg, seier Fossøy.

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins, Narve Heggheim, var strålande nøgd med krinsrekorden.

– 60 meteren viser at utøvarane frå fylket har teke store steg denne sesongen innandørs i høve til i fjor. Ein krinsrekord for andre helg på rad, er kjempeflott, seier Heggheim.

Han er glad for at Fossheim endeleg har fått betalt for årevis med trufast trening.

– Jostein har vore trufast slitar med trening og konkurransar. Han har lege ein del på dei same tidene i fleire sesongar, men no ser det ut til at han endeleg får betalt for treninga han har lagt ned over tid. Vi håpar det også gjer seg gjeldande på 100 meter utandørs, seier Heggheim.

Leia på Ndure etter 25 meter

Heggheim var imponert over det han såg av Fossøy på 60 meter.

– Han er absolutt ein rekordrask sprintar. På starten leia han på Ndure etter 25 meter, så hans utfordring er å stå ein 100 meter inn og kjempe på lengre distansar. Men ifølgje trenarteamet er han på god veg til å betre seg der, seier Heggheim.

Han trur Fossøy er godt nede på titalet når han vert endå meir uthaldande.

Han er også imponert over løparane i dei aldersbestemte gruppene.

– Det er fleire utøvarar som tek kravet til ungdomsmeisterskapen i sprint, og det er veldig bra. Når dei kjem utandørs har dei gode moglegheiter til å springe tidene sine ned. Det blir spennande å sjå sesongen utandørs, seier Heggheim.

Meiner bana er rekordrask

Han er imponert over arrangementet i Florø.

– Det er flott at Florø får til eit stemne med så god kvalitet. Dei legg svært godt til rette for utøvarane, og det er også difor dei nasjonale utøvarane kjem tilbake år etter år. Dei får sommartemperatur innandørs og ei rekordrask bane, seier Heggheim.

Ikkje heilt uventa tok Jaysuma Saidy Ndure førsteplassen med 6,65. På andreplass kom Tom Kling-Baptiste (Sverige) på 6,78, Fossøy tok tredjeplassen framfor britiske Leon Reid på 6,87.

Ndure har den norske rekorden på 60 meter. Den står frå 2008 og er på 6,55.