NRK Meny
Normal

Sette ny besøksrekord og gjekk endeleg i null

Heile 10.000 tok turen til årets motorfestival i Stryn. Og for første gong syner ikkje rekneskapen raude tal.

Stryn motorfestival

– Det har vore ei flott helg på alle vis. Og det er kjekt at vi endeleg går i null, sjølv om inntektspotensialet vårt ikkje er det store. Målet vårt er å gå i null, samt skape aktivitet i Stryn, seier festivalgeneral Jørn Sønsterudbråten.

Frå fredag har køyretøy i alle fasongar, fargar og typar pryda om lag kvar ein kvadratmeter av Stryn sentrum. At vêrgudane også har vore velvillige, har ikkje lagt nokon dempar på stemninga.

Folk kjem att år etter år

– Erfaringa vår er at vêret ikkje betyr så mykje, men det er klart at det set ein ekstra spiss på arrangementet med ei slik fin ramme rundt, seier Sønsterudbråten.

Sidan starten for ti år sidan har festivalen vakse jamt og trutt. I fjor var 8.000 personar innom festivalen, men Sønsterudbråten er likevel ikkje overraska over at dei kunne plusse på ytterlegare 2.000 besøkjande i år.

– Folk kjem att år etter år, og kvar gong har dei med seg fleire. Så eg er ikkje overraska, men det er kjekt, seier Sønsterudbråten.

Dragracing frå motorfestivalen i Stryn

FART: Dragracing er ein publikumsfavoritt. Foto/redigering: Roger Vik.

Har vorte ein møteplass

Han peikar på at mange dreg langt for å få med seg den årlege hendinga.

– Vi ser at interessa aukar. Vi har på ein måte vorte ein møteplass for alle som har eitt eller anna i garasjen, og vi har folk her frå Bergen, Oslo, Trondheim, Møre og Gudbrandsdalen for å nemne nokon, seier Sønsterudbråten.

Trass i stort innrykk av folk, går logistikken førebels greitt.

– Vi har takla veksten godt, mykje takka vere alle som er med. Vi brukar alle krikar og krokar, og dugnadsinnsatsen er enorm. Eg torer ikkje rekne på kor mange timar som vert lagde ned, seier Sønsterudbråten.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.