Sette fri frå fengsel
Politiet ser alvorleg på trusselsaka i Florø onsdag morgon. To menn i 30- og 50 åra vart arresterte for å ha trua ein mann i 30-åra som bur i eit hus på Havreneset i Florø. Partane skal kjenne kvarandre frå før, men politistasjonssjef Robert Veseth vil ikkje gå nærmare inn på relasjonen. Dei to sikta er avhøyrde og sette fri frå fengsel, men etterforskinga held fram. Det var ikkje våpen involvert i trusselsituasjonen.