Hopp til innhold

Sette deltakarrekord på Lerum Cup

800 påmelde skyttar og deltakarrekord. Sundag var siste dag for Lerum Cup 2016.

Lerum Cup 2016
Foto: Fotograf Christian Blom AS / NRK

– Det har gått flott. Vi har hatt rekordstor deltaking, og mange flotte resultat i alle klassar, seier Olav Skarsbø, som er leiar i Leikanger skyttarlag

I år er det 10 gong at cupen blir arrangert, og sjuande året at cupen vert arrangert under namnet Lerum Cup.

Samarbeid over kommunegrensene

Cupen vert arrangert av fem skyttarlag: Knipenborg frå Årdalstangen, Farnes i Øvre Årdal, Sogndal og Leikanger, og Aurland som var nye i år. I løpet av veka har det vore stemne på kvar stad.

– Det har vore skyting på alle fem banane sidan måndag. Sjølv om det framleis er ledige plassar i nokre av laga, nærmar vi oss nok ei grense for kor store vi kan bli.

800 påmelde var i overkant av det arrangørane hadde sett øre seg. Lerum-Cup er det største skyttararrangementet nest etter Landsskyttarstemnet.

– Som arrangør er vi mest nøgde med at vi ikkje opplever problem. At ting fungerer teknisk sett og vi har eit anlegg som står det ut heile veka, seier Skarsbø.

Suksessen

Det som kan sjå ut som ei logistisk utfordring, med skyting på fem banar i like mange kommunar, meiner Skarsbø er nøkkelen til suksessen for Lerum Cup.

Olav Skarsbø

NØGD: Leiar i Leikanger Skyttarlag, Olav Skarsbø, kan sjå tilbake på eit knirkefritt arrangement.

Foto: Privat

– Vi får så mange fine tilbakemeldingar, frå dei aller fleste som er her. Ein reiser kanskje ikkje heilt frå Sørlandet og hit for å skyte eitt eller to stemne, men når vi klarar å få komprimert fem stemner inn løpet av nokre dagar, så blir det verdt turen, seier Skarsbø.

Resultatservice

For dei mange deltakrane som skyt på dei ulike banen er viktig å kunne følge med både eigen plassering, og kanskje ikkje minst korleis dei argaste konkurrentane gjer det.

– Vi har Norges kanskje beste resultatsystem. Vi brukar dataprogrammet til det frivillige skyttarvesenet, og som vi har utvikla vidare. Her kan skyttarane kan følge med anten på mobiltelefon eller pc, seier Skarsbø.