Hopp til innhold

Sett i arresten etter knivtrugslar

Ein mann i slutten av tjueåra vart sett i arresten etter at han truga andre med kniv på ein utestad i Måløy i natt.

Politiet fekk melding om hendinga 00.30 i natt.

– Ingen konkrete personar vart truga, det var meir generelle trugslar til dei rundt han, seier Olaug Holme ved politiet sin operasjonssentral.

Mannen, som er i slutten av tjueåra, skal avhøyrast i løpet av dagen.

Ingen vart skada i hendinga, og saka blir fulgt opp av Vågsøy lensmannskontor.