Hopp til innhold

Sett fri etter væpna politiaksjon i Naustdal

Mannen i 40-åra som politiet gjekk til væpna aksjon mot i Naustdal, er no sett fri.

Politi

ILLUSTRASJON: Bildet er ein illustrasjon og har ingenting med politiaksjonen å gjera.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Det var på laurdag politiet arresterte ein mann i 40-åra i Naustdal, etterlyst for alvorlege forhold gjort i Bergen.

– Mannen er sett fri, seier Jan Christian Alvheim som er politiadvokat i Vest politidistrikt.

Politiet fekk tips om at den etterlyste mannen var i ein privat bustad i Naustdal

– Han bur ikkje i Naustdal, men har familiær tilknyting til staden. Det var difor naturleg å sjekke om han var på staden, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Espen Gulliksen.

På fredag fekk politiet melding om den, men venta til laurdag før dei gjekk til aksjon.

– Det var ingen hast med å arrestere ein etterlyst person for eit straffbart forhold han hadde gjort. Mannen kunne ha våpen, samt at det var mørkt og uoversiktleg. Difor venta vi til dagslys for å kunne observere.

Sendt vidare til Bergen

Den arresterte kom frivillig ut frå huset han oppheldt seg i.

– Mannen visste at vi ville ha kontakt. Han ville ikkje ha kontakt med oss, men kom ut til slutt. Stille og fredeleg.

Etter arrestasjonen vart den arresterte sendt til Bergen, og det er der dei kriminelle handlingane skal ha skjedd, melder Bergens Tidende.

Politiet vil ikkje gå i detalj på kva type lovbrot mannen har gjort.

Laster Twitter-innhold