Hopp til innhold

Set usemja til side «dagen derpå»

Dagen etter at det vart klart at Sogndal er sikra ny kontrakt i eliteserien vil dagleg leiar Egil B. Mundal snakke minst mogleg om konfliktane i klubben. Trenar Harald Aabrekk på si side gler seg ekstra over å ha berga plassen trass usemja internt.

Egil B. Mundal på Fosshaugane

GLEDAS DAG: Dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal fotball er svært glad for at klubben no er klare for endå ein sesong i det gjævaste selskapet i norsk fotball.

Foto: Arve Uglum / NRK

Søndag kveld var det endeleg klart, Sogndal overlever i tippeligaen, og no kan endeleg jubelen sleppe laus.

Men det har murra internt i klubben. Aabrekk sa opp allereie i januar, og i seinare tid har det vore til dels stor usemje mellom Aabrekk og leiinga.

Men i dag vil Mundal ikkje diskutere usemja, men berre konsentrere seg om det sportslege.

– Dette er saker vi ikkje ønskjer å debattere offentleg. I dag vil vi ha fokus på den store sportslege presentasjonen, seier Egil B. Mundal.

– Ein strålande dag

Med draghjelp frå Viking kunne Harald Aabrekk og spelarane sleppe jubelen laus, sjølv med 0–1 tap mot Odd Grenland.

Også den administrative leiinga er fulle av lovord og svært stolte dagen derpå.

– Dette er ein strålande dag for alle som er glade i Sogndal. Det er ein stor sportsleg prestasjon ut frå dei rammevilkåra Sogndal har hatt. Så i dag er vi alle glade, seier Mundal til NRK.no.

Det har storma internt

Harald Aabrekk

USEMJE: Det har ved fleire høve kome tydeleg fram at Harald Aabrekk og leiinga i klubben ikkje har vore heilt samde.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Men ikkje alt har vore like roseraudt internt i klubben den siste tida. Trenar Harald Aabrekk har leia klubben til opprykk, og no ny kontrakt i Tippeligaen på dei to åra han har vore i Sogndal. Men Aabrekk har ikkje alltid vore samd i det leiinga i klubben har ønskt.

Alt før sesongen starta gjorde han det klart at han ikkje ville halde fram, og seinast for ein månad sidan rådde det stor uvisse om han i det heile teke ville fullføre sesongen.

Då var Aabrekk rasande etter at Sogndal lyste ut stillinga som medisinsk ansvarleg. Det heile enda med at leiinga sa unnskyld til trenaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal sikra tippeligaspel

GLADE: Det var ingenting å seie på gleda når Sogndal-spelarane endeleg kunne sleppe jubelen laus søndag kveld.

Foto: Bård Siem

– Ekstra godt å lykkast

Aabrekk har ved fleire høve vore usamd i prioriteringane til leiinga. På sitt vis har han trassa klubben og med det berga plassen.

– Klubben har ønskt andre retningar enn oss i trenarteamet. Men vi har ikkje bøygd av for den administrative leiinga, og har i staden gjort ting på våre eigne premissar. Dette har vore trenarstyrt, og det gjer det ekstra godt å lykkast, seier Aabrekk til Sogn Avis.

Sogndal-trenaren seier til avisa at det blir vemodig å slutte. Men skulle han ha halde fram måtte det ha blitt på andre premissar enn det klubben ønskjer.

– Ikkje ein debatt vi tek i det offentlege

Mundal vil ikkje kommentere utspelet.

– Slike saker er interne. Vi vil ikkje debattere det offentleg, dette er noko vi vil sjå på når vi skal evaluere sesongen, seier Mundal.

Den daglege leiaren i Sogndal Fotball vil heller ikkje kommentere om det var leiinga eller Aabrekk som ikkje ville forlengje trenarkontrakten for Aabrekk. Mundal viser til at dette er personalrelatert og ein diskusjon dei ikkje tek i det offentlege.

– Men kor lett er det når dei eine parten tek opp slike ting i det offentlege?

– Dette må vi berre ta til etterretning og halde oss til, seier Mundal.

Har stor tru på framtida for klubben

Mundal vil mykje heller snakke om framtida for Sogndal. Når det no er klart at klubben får ein ny sesong i eliteserien, meiner han at dei står sterkare rusta enn før.

– Økonomisk har vi fått eit fundament i klubben som gjer at den omsetnadsauken vi vil få framover vil kunne brukast på det sportslege, seier Mundal og legg til:

– Dei siste 15 åra har vi brukt mykje pengar på eigedomsutbygging, men no kan vi endeleg investere meir i folk, seier Mundal.

Og at det blir feiring skal vere heilt sikkert. Det har allereie blitt feira med kake, men etter den siste kampen for sesongen på søndag blir det nok litt meir hæla i taket.

– Det har vore ein fantastisk flott sesong!