Hopp til innhold

Set strek for krigshistorisk museum

Fylkespolitikarane sitt nei til Måløyraidsenteret i Måløy betyr kroken på døra for det krigshistoriske museet.

Terje Sølvberg

GIR OPP: Terje Sølvberg og stiftinga bak Måløyraidsenteret har lenge prøvd å etablere eit krigshistorisk senter i Måløy. Den kampen gir Sølvberg opp etter at fylkeskommunen ikkje vil gå løyve 2,8 millionar kroner.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Kommunen gav disposisjon over Heradsheim som lokalisering for Måløyraidsenteret og Forsvarsdepartementet løyvde 3,3 millionar kroner.

Men utan enkelttilskotet på 2,8 millionar fylkeskommunale kroner, ser ikkje Terje Sølvberg i stiftinga anna råd enn å sette sluttstrek for planane.

– For meg er det endeleg slutt no. Eg er i den alderen at eg ikkje tek opp att den hansken lenger, seier han.

Trio ville løyve

– Vi må berre ta eit styremøte og få levert pengane tilbake til staten, der dei høyrer heime når fylket og lokaldemokratiet ikkje vil støtte eit krigshistorisk senter, held Sølvberg fram.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Eit stykke dramatisk krigshistorie e bevart i Måløy. Eldsjeler har i mange år samla dokumentasjon til eit senter om Måløyraidet. Men dei manglar pengar til å stille ut det unike materialet.

Han let det ikkje vere noko tvil. Onsdagens nei frå fylkestinget vart eit hardt slag i arbeidet med å bevare dramatiske krigsminne.

Rett nok ville Framstegspartiet, Høgre og Venstre gje 2,8 millionar kroner mot slutten av 2014, dersom stiftinga av senteret kan dokumentere korleis det skal driftast og finansierast.

– Ein parodi

Framlegget fall med berre 14 røyster frå dei tre partia, i tillegg til uavhengige Jacob Nødseth og Helen Hjertaas frå Vågsøy og Arbeidarpartiet.

– Det har vore litt av ein parodi. Vi fekk lovnad frå Arbeidarpartiet om at dei ville ta det opp att og støtte det. Men det var no berre eit slag i lufta. Vi fekk ei røyst frå Arbeidarpartiet, og det var Helen Hjertaas som vart fristilt, seier han og veit berre ein måte å tolke avrøystinga på.

– Dei seier dei er imot det som har med krigshistoria å gjere.

Nei og nei

Stiftinga har to gonger tidlegare søkt om pengar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. I 2011 søkte dei fylket om 4,8 millionar kroner, men fekk nei . Seinast i oktober i år avslo fylkestinget nok ein søknad.

Det var denne søknaden som no var endra.

– Då vi bad om eit investeringstilskot, og fritok dei for driftsmidlar og vedlikehaldsmidlar, så var det likevel ikkje godt nok. Det er nokså frustrerande, seier Sølvberg.

– Fortener eige senter

Også historikar Frode Lindberget, som i januar kjem med bok om raidet, meiner at det fortener eit eige senter.

Raidet 3. juledag 1941 var viktig for utfallet av krigen. Det var eitt av fleire allierte raid mot Norskekysten som mellom anna skulle villeie tyskarane. Lindberget meiner senteret ville vere viktig for å fortelje seinare generasjonar om kva som skjedde langs kysten under krigen.

– Dersom ein ikkje gjer det, og får samla dei faktiske opplysningane, kan noko gå tapt. Vi vil fortelje komande generasjonar om kva som hende under Måløyraidet og krigen, sa han.

– Hadde eit reelt håp

Med vedtaket onsdag, er det etter alle solemerke altså endeleg punktum for eit slikt senter.

– Kva skal vi gjere? Vi vil ikkje ha noko privat modell som skal drivast på hobbybasis. Vi vil ha det offentlege med og må difor ta eit styremøte på det og gå opp løypa framover, seier Sølvberg.

– Det er slik eg ser det no, men eg hadde eit reelt håp som brast så det susa, avsluttar han.