NRK Meny
Normal

Set sterkare fokus på å støtte yrkessjåførar

Knut Øvrebotten miste dottera si, Thea, for to år sidan i ei lastebilulukke. Då var det viktig for han å han ein kollega å støtte seg ekstra på. No vil han gjere det same for andre.

Arne Indrebø og Knut Øvrebotten

VIL HJELPE: Arne Indrebø (til venstre) og Knut Øvrebotten har vore på kurs for å lære seg korleis dei kan stille opp for kollegaer som hamnar i tøffe opplevingar på jobb.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Kollegahjelpa er ei landsdekkjande støtteordning for lastebileigarar og lastebilsjåførar som har opplevd ulukker, nestenulukker eller andre sjokkarta opplevingar i samband med jobben.

Tidlegare har det berre vore ein kollegahjelpar i fylket. No er det fire, og Knut Øvrebotten og Arne Indrebø er blant dei nye. Øvrebotten jobbar som sjåfør i Firda Billag og Indrebø har i mange år jobba som brøytebilsjåfør.

– Vi kan vere der om ein treng støtte. Møte opp på sjukehuset og støtte både kollegaen og pårørande om slike ting skjer. Legge til rette papir og hjelpe dei med det meste om dei har vore ute for ei ulukke, seier Indrebø.

Veit kor viktig kollegahjelp er

Øvrebotten veit sjølv kor viktig det er å ha støtte på jobb når ein står midt oppe i ein vanskeleg situasjon.

For to år sidan mista han dottera si, Thea, i ei lastebilulukke. Han visste ikkje om kollegahjelpa då, men hadde likevel god hjelp i nettopp kollegaer.

– Med løyve frå leiinga mi i selskapet fekk eg lov å setje meg bak rattet allereie morgonen etter at Thea omkom, og det trur eg var ei veldig rett avgjersle for meg. Eg seier slett ikkje at det gjeld for andre, men om eg hadde framleis hadde vore yrkessjåfør i dag viss eg ikkje hadde gjort det, det veit eg ikkje, fortel han.

Øvrebotten trur det er viktig at ein i slike tilfelle har ein likemann å snakke med. Ein som forstår korleis det er å drive med det ein driv med.

– Det er noko av grunntanken i kollegahjelpa, at det er folk som er på vegen. Mange av kollegahjelparane har vore ute for alvorlege hendingar sjølv og veit korleis det er, seier Øvrebotten.

Tek gjerne imot fleire

Og ein treng ingen spesielle kvalifikasjonar for å kunne vere kollegahjelp, slår dei fast.

– Nei, det er berre å bry seg om kvarandre. Det er vel det viktigaste. Ein må vere flink til å lytte. Ein treng ikkje seie så mykje, men berre vere der, seier Indrebø.

Sjølv om det no er fire kursa kollegahjelparar i fylket skulle dei gjerne hatt minst ein til.

– Det har lenge vore prøvd å finne nokon i ytre Nordfjord, for det er eit felt vi ikkje har dekka så veldig godt. Er det nokon som kjenner si besøkingstid der, så ta gjerne kontakt, seier Øvrebotten.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå