NRK Meny
Normal

Håpar dette er redninga neste gong uvêret øydelegg telefonlinjene

Radioamatørar kjem no inn i Sogn og Fjordane sine beredskapsplanar.

Knut Strøm

HALLO, HALLO: Radioamatør Knut Strøm var med å testa kortbølgjesambandet.

Foto: Stig Indrebø / NRK

For gamle radiosamband kan vere løysinga når dagens telefonnett bryt saman av ulike grunnar, slik situasjonen til dømes var då uvêret Dagmar herja i jula for to år sidan.

Då opplevde fleire å vere utan telefonsamband i dagesvis. Fleire kommunar var totalt isolerte frå omverda, og på toppen av det heile var dei utan både straum og telefonsignal. I etterkant har ein teke grep for å unngå at ein kjem i ein liknande situasjon dersom ein ny stor-storm skulle slå til.

I dag var ein radioamatør på besøk hjå Fylkesmannen. Han hadde med seg kortbølgesendar for å teste beredskapen.

Radioamatørar, utstyrte med gode, gamaldagse kortbølgjesendarar, vart i dag plasserte hjå naudetatar som politi, sjukehus, kraftforsyning, Vegvesen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Heimevernet.

Når framtida ikkje maktar, trår fortida til

Målsetjinga var å finne ut om kortbølgjenettet kan vere ein måte å få kontakt på, når alt anna ligg nede.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand vedgår etter testen, at ein kortbølgjesendar nok kanskje er å gå litt tilbake til fortida.

– Dette er på ein måte fortida, men så syner det seg at når det røyner på som verst, så slit vi med moderne elektronikk og moderne telekommunikasjonar. Då viser det seg at fortida slett ikkje er så dum likevel, seier Stensvand.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Created by InfoDispatcher

FORTID: Kortbølgjesambanda er ukjende for mange. Men når nøden er størst, kan nettopp dei bety skilnaden på kontakt og ikkje-kontakt.

Meiner testen vart bestått

Oppsummeringa etter testen synte at det var litt problem med å få kontakt med Sogndal og Åndalsnes, men dei fem andre punkta kom inn.

– Eg meiner det må vere bestått og vel så det på testen. Vi fekk kontakt med dei stasjonane som er i fylket, sjølv om det var problem med Heimevernet, seier Stensvand.

Han legg til at det for eit utrent øyre kunne vere litt vanskeleg å oppfatte det som vart sagt på sambandet.

– Men for eit trena øyre, så var det ikkje problem med å forstå. Testen er bestått, seier Stensvand.

Testen i dag gav eit godt signal når det gjeld arbeidet framover.

– Konklusjonen er at vi ønskjer å halde fram det samarbeidet som vi har starta med radioamatørane. Dei seier at dei kan gi oss ei liste over dei som er aktive ein eller to gonger i året, seier Stensvand.

Er ein utdøyande rase

Med ei slik liste, vil ein ha oversikt over kven ein kan prøve å få tak i, dersom krisa skulle vere eit faktum.

– Skulle det oppstå ein situasjon slik som under uvêret Dagmar, så vil vi anten at dei tek kontakt med oss, eller at vi får kontakt med dei. Så kan dei vere med å etablere eit punkt-til-punk-samband, seier Stensvand.

Fleire radioamatørar er framleis oppe og går, men dei er ein utdøyande rase.

– Dessverre slit vi med rekrutteringa. Det var nok i gamle dagar at dette hadde appell, seier kortbølgjeentusiast Knut Strøm som var med på testen.

Treng ikkje meir straum enn eit bilbatteri

Men skulle krisa vere eit faktum, er han klar på at amatørane vil trå til.

– Vi kan ikkje bemanne alle kommunar i fylket, men vi har folk rundt om kring på diverse nøkkelpunkt, om ikkje anna, seier Strøm.

Ein kortbølgjesendar er langt mindre sårbar enn det telenettet vi brukar i dag.

– Dette er eit punkt-til-punkt-samband, utan tilknyting til telenett. Alt du treng er straum, anten i form av eit bilbatteri eller aggregat, seier Strøm.

Dermed er det ikkje så vanskeleg å skaffe straum, sjølv i ein krisesituasjon.

– Bilbatteri finst jo i kvar bil, og det er faktisk nok, seier Strøm.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.