Hopp til innhold

Set seg på flyet for å følgje sonen i hoppveka

For far og mor Fannemel er nyttårsfeiring i dei tyske alpane den optimale avslutninga på året. I dag skal sonen Anders Fannemel kjempe om heider i opningsrennet i hoppveka.

Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel

HØGDEPUNKT: Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel skal i morgon følgje sonen jakte lange svev i Garmisch-Partenkirchen. Her frå Vikersund der Anders Fannemel sette verdsrekord i februar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi gler oss veldig mykje. Denne turen kan eg anbefale å ta. Når vi bestilte turen visste vi ikkje at Anders skulle vere med, sjølv om vi hadde håpa. Det er ei kjempeoppleving, seier han, seier Ola Rasmus Fannemel.

I kveld, i Schattenbergbakken i Oberstdorf, går startskotet for den 64. tysk-austerrikske hoppveka. Blant dei sju norske hopparane som skal konkurrere er Anders Fannemel frå Hornindal.

Det rennet skal mamma Ellen Bodil Kirkeeide og pappa Ola Rasmus Fannemel følgje framfor TV-skjermen. Men i morgon tidleg set dei seg på flyet med kurs mot dei bayerske alpane.

Dei kan ikkje tenkje seg noko betre feiring av det gamle året.

– Vi var der for to år sidan og bestemte oss for å gjenta det, viss det klaffa. Ikkje minst nyttårsfeiringa i Garmisch, det er ei fantastisk oppleving. Det er mykje folk, god stemning, vi har hopprenn å gå til på dagtid. For oss er det noko av det optimale, seier Ole Rasmus Fannemel.

I februar sette Anders Fannemel ny verdsrekord i skiflyging med eit svev på 251,5 meter. Starten på årets sesong har vore skuffande, med svake resultat og fleire diskingar på grunn av feil med utstyret. Likevel har foreldra trua etter ein liten opptur i gårsdagens kvalifisering, der sonen vart tredje beste nordmann med ein åttandeplass.

– Gjer han gode skihopp som i går, så er det snakk om å ha flaks eller uflaks. Då kan alt skje, seier Ola Rasmus Fannemel.