Hopp til innhold

Set seg i førarsetet for regionreforma

HERMANSVERK (NRK): Dei fremste politikarane i Sogn og Fjordane er samde, dei vil sjå på moglegheitene for ein stor landsdelsregion på Vestlandet. – Viktig at vi set oss i førarsetet.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

I FØRARSETET: Alfred Bjørlo (V) seier Sogn og Fjordane skal vere klare til å få på plass ein stor landsdelsregion på Vestlandet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er glad vi no tek initiativ til å få på plass ein sterk landsdelsregion på Vestlandet som ei erstatning for dagens fylkeskommunar. Vi skal vise retning og vilje i denne saka, seier Venstre-politikar Alfred Bjørlo.

Fylkestinget vedtok i går samrøystes å greie ut ein stor vestlandsregion av dei fire fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland (sjå faktaboks lenger nede).

Har allereie fått nei

Diskusjonane om kommunesamanslåing har gått landet rundt lenge, og i sommar inviterte kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fylkeskommunane til å ta ein prat med sine nabofylke.

Sogn og Fjordane har allereie signalisert at dei vil ta denne praten, men har allereie fått eit klinkande klart nei frå nabofylket i nord.

Fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) meiner dette viser kor viktig det er at Stortinget og Regjeringa er tydelege og seier dei vil ha ei regionreform på nasjonalt nivå.

– Vi kan ikkje få ei gjentaking av historia frå kommunereforma, der dei som vil minst får bestemme tempoet. Regjeringa må ta tak, ei regionreform krev politisk leiarskap.

– Nokon må ta initiativet

Også i Vestlandsrådet, eit politisk samarbeidsråd mellom dei fire fylka på Vestlandet, har Sogn og Fjordane gjentekne gonger teke opp temaet.

– Frå Møre og Romsdal har det vore veldig lite entusiasme, medan Hordaland og Rogaland, slik eg har oppfatta det, har vore meir opne for tanken. Men nokon må ta initiativet, og så er vi avhengige av at Stortinget gir eit oppdrag.

– Vi skal vere klare

I vedtaket blir det altså lagt opp til ei utgreiing neste år, og ein ønskjer ei avrøysting mot slutten av året.

– Vi er avhengige av eit samspel med Stortinget. Dei må vise leiarskap og som ein del av dette flytte tunge statlege oppgåver ut i den nye regionane, seier Bjørlo.

– I vårt fylke skal vi vere raske og klare for å få til ei løysing for Vestlandet.