Hopp til innhold

Derfor set han opp teaterstykke om terror

Ein sint, ung, kvit mann set fyr på eit asylmottak. – Som teater har vi plikt til å bearbeide terrorhandlingar, seier dramatikar Stig Amdam.

Prøver på Fjordmann

MÅ TA TAK I VANSKELEGE EMNE: – Vi gjer ikkje jobben vår dersom vi ikkje diskuterer vanskelege spørsmål, seier hovudrolleinnehavar Stian Isaksen. Her får han og Katrine L. Mackenzie instruksjon av dramatikar og regissør Stig Amdam.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det hadde nesten vore kontroversielt å ikkje setje opp stykket, sidan temaet er så aktuelt i samfunnsdebatten vår. Dersom vi ikkje tar tak i dette, gjer vi ikkje jobben vår, seier Stian Isaksen, som speler hovudrolla i det nye stykket Fjordmann ved Sogn og Fjordane teater.

Teaterstykket er inspirert av terrorangrep som er blitt utført av unge, sinte, vestlege menn, og utforskar kva det er som gjer at nokon blir terroristar.

Hovudrolleinnehavaren meiner sjølv stykket er spesielt aktuelt med det ein ser i Sverige, der fleire asylmottak har blitt sett fyr på. Politiet veit ikkje kven som står bak, men mistenker at brannane er hatmotiverte.

Stian Isaksen i Fjordmann

FJORDMANN: Stian Isaksen speler den unge mannen som set fyr på eit asylmottak.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Brenn ned asylmottak

Hovudkarakteren i stykket Fjordmann har hatt ein tøff oppvekst, og har eit vanskeleg forhold til jobb og foreldra sine. I tillegg har han høgreekstreme tankar og er opphengd i konspirasjonsteoriar.

Han endar opp med å setje fyr på asylmottaket i bygda, og mange menneske døyr.

Dramatikar og regissør Stig Amdam understrekar at stykket på ingen måte skal forsvare terrorhandlingar, men at vi som samfunn må prøve å forstå kva som gjer at slike terrorangrep kan skje.

Prøve på stykket Fjordmann ved Sogn og Fjordane teater der stykket "Fjordmann" blir sett opp. Intervju med hovudrolleinnhavar Stian Isaksen og dramatikar og regissør Stig Amdam.

SJÅ TV-SAKA: NRK har vore med på prøvene til oppsetting av stykket Fjordmann.

Ikkje fasitsvar

– Kva kan vere årsakene til at eit ungt menneske kan føle eit så stort hat til samfunnet og menneska rundt seg, og utføre ei slik avskyeleg handling, spør Amdam.

Stykket kjem ikkje med noko endeleg forklaring på korleis slik ekstremisme kan oppstå.

– Dette er eit forsøk på – gjennom éin skjebne – å få innblikk i kva som har drive hovudkarakteren til å utføre eit slikt terrorangrep, og denne kompleksiteten er interessant, seier han.

Stian Isaksen og Stig Amdam

PLIKT: – Som teater har vi plikt til å ta opp denne type traume og problem, seier dramatikar og regissør Stig Amdam (t.h). Her saman med skodespelar Stian Isaksen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Samfunnet må ta ansvar

Dramatikaren meiner at vi som samfunn må passe på at folk ikkje fell utanfor.

– Dersom vi skaper eit samfunn av einsame ulvar, må vi ikkje bli forundra over at dei oppfører seg om nettopp det, seier han.

– Det at ein har verdi som menneske er heilt avgjerande for at ein skal fungere i eit samfunn. Mange føler seg til overs, og at ein ikkje har noko å bidra med. Der kan vi som samfunn bli betre på å sysselsette og integrere folk på ein god måte, seier Isaksen.

Amdam håper stykket kan bidra med refleksjonar over kvifor dette kan skje, og korleis vi kan unngå at menneske blir så isolerte i eit hat som til slutt eksploderer.

– Ved å gå inn i denne tematikken kan vi håpe at vi kan gi eit lite bidrag til å forstå kva vi kan gjere for å unngå det, seier han.

Utdrag frå teaterstykket Fjordmann sett opp av Sogn og Fjordane teater.

FJORDMANN: Her kan du sjå utdrag frå teaterstykket Fjordmann som blir sett opp på Sogn og Fjordane teater.