– Marka er forferdeleg nedtrakka. Dei lagar ein ny sti for kvart år føler eg, og dei går lenger og lenger innover bøen. Så vi kan ikkje slå graset, seier Silje Åsnes Skarstein i Olden.
På bøen hennar like i nærleiken av Olden kyrkje og sentrum av Olden, har det blitt ein tydeleg sti i graset etter turistar som har gått der.
– Det ser ikkje så dramatisk ut, men det har veldig mykje å seie. Særleg i år, med situasjonen knytt til vêret vi har hatt, seier ho.
Opplæring
Løysinga kan ligge i nokre enkle skilt med bilete av ei ku i ei eng. Etter innspel frå Åsnes Skarstein fekk kontaktutvalet i Olden og Oldedalen med seg Nordfjord Havn på finansiering av skilta. Skilta har engelsk tekst som fortel at ein er i eit gardsområde, og med oppmodinga: Vennlegast ikkje gå i grasmarka, dyra treng maten sin.
– Det er rett og slett litt vaksenopplæring for å vise at dette er slåttemark. Dette blir fôr til dyr, og er ikkje ein plass å gå, seier Ketil Finsås Hansen i kontaktutvalet i Olden og Oldedalen.
Han meiner det burde sjølvforklarande at ein ikkje skal gå i enga – men har samtidig forståing for at folk vil unngå trafikken på den nærliggjande vegen.
– Her er mykje trafikk, og mykje tungtrafikk. Det skremmer sjølvsagt gåande ut av den altfor smale vegen – utpå enga som heller ikkje er meint å gå på. Ein har valet mellom å trakke ned fôret til dyra eller vere altfor nær tung trafikk.
Unngår trafikken
Owe Poeppinghause frå Tyskland og familien hans er på ferie i Olden. Mens skilta er i ferd med å bli monterte, tek dei – som mange før dei – i bruk «stien» på bøen på veg bort til Olden kyrkje.
– Vi kan ikkje gå på vegen, der er mykje trafikk. Vi såg stien og graset og trudde vi kunne gå der, seier han, som saknar ein gangsti.
– Når vi går tilbake skal vi gå på den andre sida, seier han, som synest skilta var godt forståelege.
– Glad i turistane
Silje Årsnes Skarstein seier det stort sett berre er positivt med alle turistane som kjem til bygda.
– Vi er veldig glade i turistar, men det skulle vore betre eit tilbod rundt turistane, meiner ho.
No skal gardbrukaren legge igjen jorda, slik at stien blir borte. Ho håpar skilta kan berge meir av graset.
– Vi håpar skilta vil hjelpe neste år, slik at turistane ikkje går der fleire gonger.