NRK Meny

Set opp minnestein for døde born

Dødfødde born skal få ein eigen minnestein på Stokkenes gravplass i Eid.

Artikkelen er flere år gammel.

Steinen skal avdukast førstkomande søndag, og ifølgje kyrkjeverje Aud Evy Leirgulen gjeld den både fortida - og framtida.

Leirgulen har saman med jordmor Linda Grotle Hauge jobba med minnesteinen sidan mars i fjor.

Steinen er grå, litt mindre enn ein vanleg gravstein og har inskripsjonen "Fred til minne om barna som er døde" .

Steinen gjeld både for fostra som har fått ein naturleg død, og dei som har vorte valde vekk.

Ifølgje prost Rolf Schanke-Eikum er dette ikkje ei velsigning av sjølvvald abort, men tvert om det motsette.

- No kan vi tydeleggjere at det er eit lite menneskeborn som dør i mors liv. Det har også krav på å verta gravlagd med verdigheit.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar