Hopp til innhold

Set opp juletre for gåver til trengande i Nordfjord

På Nordfjordeid vert det snart sett opp eit stort juletre der folk kan legge gåver til trengande i Nordfjord.

Kristin Rødven Eide, Åse Huse, Gro Gjerdevik, Karoline Hildenes

JULEGÅVER: Kristin Rødven Eide i Nordfjord Senter, Åse Huse i Frivilligsentralen, senterleiar i Amfi Gro Gjerdevik og Karoline Hildenes i NAV samlar inn julegåver til vanskelegstilte.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi ynskjer å samle inn julegåver til dei som har ekstra behov og treng hjelp i jula, seier senterleiar Gro Gjerdevik.

Initiativtakarane seier dei ynskjer seg gåver både til born og vaksne. Gåvene kan vere sjølvlaga eller kjøpt.

– Men vi ynskjer at gåvene er nye. Det er fordi dei fleste av oss gir vekk nye ting som julegåver, og fordi det er kjekt å få noko heilt nytt under juletreet, seier Gjerdevik.

Desember kan vere ein tøff månad for dei som slit med økonomien. For to år sidan gjorde dei noko tilsvarande, men då i mindre målestokk.

– Då fekk vi utruleg mykje presangar, det var ei heilt enorm gjevarglede. Det vart nesten i meste laget for oss når vi skulle dele det ut, seier Gjerdevik.

For andre gong

For to år sidan samarbeide dei berre med NAV. Denne gongen er det eit samarbeid mellom Frelsesarmeen, Flyktningetenesta, Frivilligsentralen, NAV, Amfi og Nordfjord senter.

– Grunnen til at det vert her på senteret, er at vi trengde ein plass under tak, og dette er eit samlingspunkt for heile Eid seier Kristin Rødven Eide.

– Er de sikre på at folk kjem til å gje gåver?

– Eg kan berre snakke ut frå mitt hjarte, og eg ynskjer å gje. Det trur eg andre også ynskjer å gjere. Eg har tru på menneska, seier Rødven Eide.