NRK Meny
Normal

Set opp ekstra vakt ved rasområde

Statens vegvesen startar dag opp att sikringsarbeidet over fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen i Årdal. Då kan også trafikken passere til visse tider.

Vegen klar for opning ved Finnsåstunnelen på fv. 53 i Årdal

STARTAR OPP ATT: Sikringsarbeidet i fjellsida mellom Kolnostunnelen og Finnsåstunnelen startar opp att i dag.

Foto: Bjørn Indrebø, Statens vegvesen

Vegen vart stengd fredag klokka 17 på grunn av fare for ras. Ein geolog har i morgontimane laurdag vurdert faren for nye ras på fylkesvegen mellom Årdalstangen og Fodnes.

– Det ser bra ut no, så vi startar opp att arbeidet med fanggjerdet heilt nede ved vegen. Vi går også tilbake til dei vanlege opningstidene, seier kontrollingeniør Bjørn Indrebø.

Vegen har vore utsett for fleire ras siste tida. Hovudvegen for dei vel 5.000 innbyggjarane i Årdal var i januar stengd i ti samanhengande døgn. No er ein i gang med å setje opp gjerde som skal fange opp eventuelle steinar som kjem mot vegbana.

Steinane som kom ned fredag losna truleg på grunn av mildvêr. Det er i dag meld lågare temperaturar.

– Dersom vêret held seg, så blir det fri ferdsle etter klokka 17 til i morgon tidleg, seier Indrebø.