– Vi er nøydde til å gå nøye gjennom denne hendinga, og finne ut kva som har skjedd, seier fabrikksjef, Wenche Eldegard.
Straumbrotet skjedde då Statnett skulle kople inn ei line. Straumen forsvann rundt klokka 20.00 onsdag kveld, og var vekke til klokka 21.20. Heile Øvre Årdal var mørklagd, også Hydro sitt aluminiumsverk.
- Les også:
– Vi må finne hovudårsaka til det som skjedde, og så må kommisjonen kome med tilrådingar til korleis dette kunne vore unngått. Dette er noko vi ikkje ynskjer skal skje, seier Eldegard.
Framleis ikkje oversikt
I samband med straumbrotet måtte Hydro stenge ned seks omnar, så langt har dei ikkje fått full oversikt over kor omfattande skadane er.
– Vi har ikkje full oversikt, men så fort straumen gjekk så stengde vi ned seks omnar. Det er omnar som vi skal restarte, og som vi ikkje treng å omfore.
Då var situasjonen ein heilt annan i januar.
– Denne gongen er det mykje mindre omfang enn i januar, men vi kan enno ikkje gå ut med noko om kor mykje dette kjem til å koste, seier Eldegard.
Oppkøyring av omnar
Hydro jobbar framleis med å køyre opp igjen dei seks omnane dei måtte stenge ned. Årsaka til at det tar tid er at ein likerettar rauk i samband med straumstansen. Det er eit utstyr som tek straumen frå nettet, som er vekselstraum, og gjer det om til likestraum.
– Vi er framleis i ein fase med oppkøyring av straumen.
– Kor lang tid trur du det går før de har fått omnane opp å gå igjen?
– Det er vanskeleg å seie no før vi har vi har fått opp straumen som vi skal. Over helga så kjem vi nok til å vite meir om det seier Eldegard.