Politiet står framleis utan spor etter
. Søket er konsentrert kring nærområdet til bustaden til kvinna.Tysdag søkjer fire personar frå ei fjellredningsgruppe ovanfor kraftstasjonen i Årøyelva.
– No har vi fokus på å få avsøkt dei nærområde som vi tidlegare ikkje har fått søkt igjennom grunna problemstillinger med vasstand, elv og fjord, seier regionlensmann Asle Karoliussen.
Fokus på elv og fjord
Høg vasstand i elva har så langt gjort det uråd å gjennomføre grundige søk i Årøyelva. Samstundes har ein også måtte vente på klarare vatn i fjorden og fjordbassenget.
- LES OGSÅ:
No som vasstanden har gått ned og sikta i fjorden har klarna opp, vil det i dagane framover bli fullt fokus på å få gjennomsøkt desse.
– No når forholda ligg til rette for det, så kan vi i større grad gå inn i elveområde og få gjennomsøkt det på ein skikkeleg måte. Det gjeld også fjorden og området rundt Barsnes, seier Karoliussen.
Søkjer etter omkomen
Søket etter den sakna endra før helga status til søk etter ein omkomen. Kring 15 polititenestemenn deltek i etterforskinga. Politiet har også fortløpande kontakt med Kripos, men ein har så langt ikkje bede dei om hjelp.
Politiet jobbar også med å hente informasjon mobiltelefonen hennar.
- LES OGSÅ:
– Vi har sett i gang mange tiltak for å få kartlagt aktiviteten til kvinna, men vi har så langt ikkje fått svar på dei vesentlege spørsmål, seier Karoliussen.
Miniubåt og sonar
Ein miniubåt og sonar er no på veg til Sogn for å slutte seg til søkearbeidet. Den håpar dei kan bli sett inn i søket torsdag. Kommande helg vil det også bli gjennomført eit grundig søk i elva under kraftstasjonen.
Enkelte område her er så krevjande at politiet har bede elveredningsgruppa i Stryn om bistand til dette arbeidet.
– Vi har moglegheit til å redusere vasstanden slik at vi får gjennomsøkt området på ein betre måte enn til no, seier Karoliussen.
Ber om fleire tips
– At de no fokuserer på nærområdet, betyr det at de ser vekk i frå at kvinna kan ha reist frå bygda?
– Nei, vi kan ikkje sjå vekk i frå det, men vi ser på det som mindre truleg. Vi har ingenting i saka som tyder på at det eller det har skjedd, men vi kan heller ikkje utelukke det.
– Vi er framleis svært interessert i tips frå publikum som meiner dei kan ha observasjonar som kan hjelpe oss. Vi har fått tips, og har klarert ut, men framleis opne for at moglegheita er til stades, avsluttar Karoliussen.