NRK Meny
Normal

Lokale kunstnarar rosar lokal utstilling i sky

Vevringutstillinga er ein av dei betre utstillingane sett frå ein kunstnar sine auge. Det meiner to av dei lokale utstillarane under årets arrangement.

Maria Hjelmeland (til høgre) og Janne Nes

ROSAR UTSTILLINGA: Maria Hjelmeland (til venstre) og Janne Nes er to av dei lokale utstillarane under årets versjon av Vevringutstillinga. Dei meiner denne utstillinga på mange måtar er betre enn andre.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Denne helga vert Vevringutstillinga arrangert for 35. gong. Mange veit kanskje ikkje så mykje om utstillinga, men slik er det ikkje i kunstnarverda, skal vi tru to av dei.

Maria Hjelmeland, opphavleg frå Sande i Gaular, og Janne Nes, busett i Leikanger, er to av kunstnarane som stiller ut kunsten sin under utstillinga i år. Dei meiner Vevringutstillinga er ein unik arena.

– Ei stor glede å vere her

Hjelmeland måler bilete, medan Nes er tekstilkunstnar. For begge er det første gongen dei stiller ut kunsten sin her.

– Eg synest det er kjempespennande å vere her. Eg har faktisk ikkje vore her før, ikkje som publikummar heller, så eg synest det var ei stor glede å få lov til å kome hit, seier Nes.

Det er ikkje første gong Hjelmeland er på Vevringutstillinga, men heller ikkje ho har vore her som kunstnar.

– I mange år har eg lurt på når eg skulle bli spurt om å vere med på utstillinga. Så kom det på jubileet, og eg er så glad for å vere her, seier ho og ler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Maria Hjelmeland sine bilete på Vevringutstillinga

HÅPAR PÅ SAL: Både Maria Hjelmeland med måleria sine (biletet) og Janne Nes med tekstilkunsten, ventar ikkje dei store sala i Vevring, men håpar likevel.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Utstillinga står høgt i kurs

Ho meiner utstillinga står høgt i verdi i det nasjonale kunstnarmiljøet.

– Ein skal hugse på at denne utstillinga etter 35 år har ei høg stjerne nasjonalt også. Det er ikkje mange år sidan den var omtalt i nasjonal kunstpresse som eit av dei verkeleg gode tiltaka utanfor sentrale strok.

Dermed har det stor betydning for dei å få lov å stille ut her.

– Det er mange kunstnarar no og det er få utstillingsmoglegheiter, og det her er ein av dei betre, så det betyr absolutt noko, seier Hjelmeland.

– Det er veldig viktig. Det er jo først og fremst utstillingar eg siktar mot. Det vert jo ein stad der folk får høve til å oppdage deg og eventuelt kjøpe noko. Utstillingar er kjempeviktig, og her med den sosiale settingen også, å treffe kollegaer på godt nivå, det er veldig verdifullt, seier Nes.

Får stille ut på ein heilt annan måte

Vevringutstillinga gir dei også høve til å sosialisere på heilt andre måtar enn på andre utstillingar, hevdar dei. Her får dei også moglegheita til å hente idear frå kvarandre.

– Vevring er ein unik moglegheit fordi vi er til stades heile perioden, slik at vi sosialiserer på ein heilt annan måte. Om vi var i ein stor by og forsvann til kvart vårt om kvelden, då får vi ikkje same dialogen. Det er det viktige her, at kunstnarane skal vere her alle utstillingsdagar under heile perioden. Då får verka dine ein annan funksjon, fordi du møter publikum, seier Hjelmeland.

For det er ikkje heilt etter standard oppskrift, stemmer Nes i.

– Det er ikkje heilt vanleg at du skal vere til stades og formidle direkte til dei som kjem og ser. Det er utfordrande, men også ganske givande, for du tenker meir grundig på ditt eige arbeid og korleis det vert teke imot.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser