Hopp til innhold

– Dramatisk om lærarutdanninga forsvinn frå høgskulen i Sogndal

Utdanningsministeren sitt utspel om sjå på kvaliteten på lærarutdanninga, har skapt frykt mellom dei mindre lærestadane.

Høgskulen i Sogn og Fj.- lærarutdanninga

UNDER LUPA: Det blir i dage gjeve lærarutdanning 19 ulike stader i landet, mellom anna i Sogndal. Utdanningsministeren vil finne ut om dette er ein for spreidd struktur.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Åse Løkeland

Rektor ved høgskulen Åse Løkeland seier det vil vere dramatisk for høgskulen dersom utdanninga blir lagt ned.

Rektor Åse Løkeland ved høgskulen i Sogn og Fjordane seier det vil vere dramatisk skulen dersom lærarutdanninga blir lagt ned.

– Det vil bety enormt mykje fordi lærarutdanninga er ein så vesentleg del av høgskulen, seier ho.

Det blir i dage gjeve lærarutdanning 19 ulike stader i landet og utdanningsministeren vil finne ut om dette er ein for spreidd struktur.

Meiner det er for mange små miljø

Torbjørn Røe Isaksen

VIL SJÅ PÅ TILBODA: Utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen opna for å leggje ned både utdanningstilbod og høgskular.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Det var under ein konferanse i regi av Kunnskapsdepartementet tysdag at utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen opna for å leggje ned både utdanningstilbod og høgskular.

Han stilte mellom anna spørsmål om det er gunstig å ha lærarutdanninga på heile 19 ulike stader kring om i landet. Det er for mange små og sårbare fagmiljø som tilbyr den same utdanninga, sa Røe Isaksen mellom anna. Samtidig påpeikar han at det er kvaliteten som avgjer kva utdanningstilbod som har livets rett.

– Det er eit arbeid på gang som skal definere nokre klare kvalitetsmål som alle utdanningsstader må følgje. Vi har sagt at om skulane ikkje klarer å leve opp til dei kvalitetsmåla, så må vi kikke på strukturen, seier han.

Spissar utdanninga i Sogndal

Løkeland meiner lærarutdanninga i Sogndal held så høg kvalitet og ho fryktar ikkje at Røe Isaksen vil leggje utdanninga ned. Samtidig viser ho til at lærarutdanninga i Sogndal må spissast for å greie seg i konkurransen.

– Vi har valt norsk, matematikk, engelsk, idrett og samfunnsfag som fordjupingsfag hos oss fordi det vil ikkje la seg gjere til å ha fordjuping i absolutt alle fag i lærarutdanninga, seier ho.

Kan ikkje starte med strukturen

Utdanningsministeren held fast på at enkelte studietilbod eller høgskular kan bli lagde ned.

– Det kan hende det blir konsekvensen, men vi kan ikkje starte med i diskutere struktur. Vi må først sjå på kva innhaldet skal vere og kva kvalitet vi treng i forsking og til studentane, seier han.