Set inn tankbil mot skogbrannfare

Skogbrannfare gjer at Florø Skyttarlag hentar inn ein tankbil frå brannvesenet når dei i helga arrangerer Frydenbø cup. Tørke og fare for skogbrann gjer at fleire skytebanar i fylket er stengde. Årsaka er at kuler kan treffe stein, og skape gnistar. Skyttarlaget i Florø har førebels ikkje stengt av banar, men Gula Skyttarlag, Bjordal/Søreide Skyttarlag og Oppedal/Brekke skyttarlag har lagt ned forbod.