Hopp til innhold

Set inn reserveferje på Anda - Lote

Ferjesambandet Anda–Lote er innstilt på grunn av tekniske problem.

MF Årdal

TEKNISKE PROBLEM: MF Årdal som går på sambandet Anda–Lote er ute av drift på grunn av tekniske problem.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det blir jobba med saka, men eg kan førebels ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta å reparere feilen, seier Sigrunn Hellebust, som er vakthavande i Fjord1.

Det er ferja MF Årdal som har fått problem. Klokka 09:45 melder Statens vegvesen på Twitter at MF Selje blir sette inn som avløysingsferje frå klokka 10:30, og at den etter kvart kjem til gå etter oppsette ruter.

Laster Twitter-innhold

MF Selje blir flytta frå Stårheim - Isane, og der blir sambandet innstilt til ny ferje kan vere på plass der kring klokka 11:25

Dermed forplantar problema på Lote–Anda seg no til sambanda ut over i fjorden, fordi Fjord1 må flytte på ferjer for å få kabalen til å gå opp.

– Verst er det nok for dei på sambandet Måløy–Oldeide. Der blir ferja Vågsøy no flytta inn til sambandet Stårheim–Isane, seier Ronny Sleire, som er trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen i Bergen.

Det betyr at dei blir utan ferje, og at det blir sette inn passasjerbåten i staden. Det går frå hurtigbåtkaien i Måløy og til Oldeide.

Ferja Vågsøy blir sett inn som erstatningsferje på sambandet Stårheim–Isane for ferja Selje som blir sett inn på Lote–Anda.

– På Lote–Anda kjem nok trafikken til å gå nokolunde som normalt etter klokka 10.30, men på Stårheim–Isane må folk rekne med forseinkingar ut over dagen, seier Sleire.