Hopp til innhold

Set inn ekstraferje på E39

Norled melder at dei i morgon, Kristi Himmelfartsdag, set inn ei ekstraferje på sambandet Lavik-Oppedal på E39 over Sognefjorden. Sambandet går med laurdagsrute, altså to ferjer, men i tidsrommet frå klokka 10 til 17 vil det gå tre ferjer, såkalla kvardagsrute.