Hopp til innhold

Sette inn ekstraferje - men framleis er køa lang

Fjord1 sette inn ekstraferje på Lavik-Oppedal frå klokka 13 for å ta unna påsketrafikken. Likevel må reisande vere tolmodige.

Lavik ferjekai under utbyggjing

BYGGJER NY KAI: Det er for tida hektisk byggjeaktivitet på ferjekaia i Lavik. Onsdag ettermiddag var det venta ekstra mykje trafikk.

Foto: Guro Kvalnes

Fjord1 reknar med fullt trykk frå begge sider, ikkje minst på Lavik-Oppedal og på Mannheller-Fodnes no siste dagen før påskehelga.

– I dag reknar vi med ein del meir trafikk enn vanleg, og vi er for så vidt førebudde på det. No har vi prøvd å få alt materiell som skal gå på plass. I tillegg kjem vi til å setje inn ei ekstraferje mellom Lavik og Oppedal no frå klokka 13, opplyser Tor Vidar Kittang i Fjord1 til NRK tidlegare onsdag.

Like før klokka 19.00 melder Vegtrafikksentralen at ventetida framleis er på kring ein time, og det er usikkert kor lenge trykket vil halde fram.

Kittang oppmodar bilistane om å ta det med ro og forsikrar at alle skal kome med ferja, sjølv om det kan bli ventetid.

– Vi vil jo tilrå til dei som skal ut i trafikken i dag at dei planlegg litt og er ute i god tid sidan det er forventa ein god del trafikk. Vi vonar at dei syner omsyn til sine medtrafikantar og tek det med ro, seier Kittang.

Har du tips til oss om trafikken eller andre ting som skjer? Ring oss på 03030, epost 03030@nrk.no eller sf@nrk.no