Hopp til innhold

Set i verk strakstiltak etter trafikkulukke

NORDFJORDEID (NRK): – Slike meldingar er skrekken å få for oss som jobbar på vegen. Vi må gjere alt vi kan for at slike ulukker ikkje skjer igjen.

Allmøte mellom Presis Vegdrift og Statens vegvesen

MØTE: Tilsette i Presis Vegdrift var tysdag i møte med Statens vegvesen etter ulukka. – Det var laber stemning i går. Mange hadde spørsmål, så vi hadde eit møte i dag tidleg. No har vi gått litt gjennom hendinga med dei som driver kantslått, seier Rune Sande, avdelingsleiar i Presis Vegdrift.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det seier Rune Sande, avdelingssjef i Presis Vegdrift. I går vart ein av hjullastarane i selskapet treft av ein turbuss, medan den dreiv kantslått langs Oppstrynsvatnet i Stryn.

12 personar vart sende til sjukehus med lettare skader.

– Vi ser mange farlege situasjonar, og må gjere tiltak som gjer oss meir synlege i trafikkbiletet slik at vi ikkje kjem opp att i slike situasjonar. Som eit strakstiltak tek vi i bruk fleire blitslamper på skilta, seier Sande.

Føraren av bussen erkjende tysdag at han var skuld i ulukka. Etter vitneavhøyr og forklaringa frå bussjåføren har politiet eit klart bilete av kva som førte til ulykka.

Ein representant frå busselskapet seier til NRK at ulukka kom som eit sjokk.

– Det er framleis eit sjokk at dette har skjedd. Vi har ikkje mykje informasjon om ulukka, men vi skal til ulukkesstaden.

– Vis omsyn

Tysdag var tilsette i Presis Vegdrift samla til møte med Statens vegvesen for å diskutere korleis ein skal unngå ulukker som i går. Samanstøyten skjedde på ei rett og oversiktleg strekkje.

Havarikommisjonen er varsla. Først når dei har gått gjennom informasjonen bestemmer dei seg for å undersøke ulukka eller ikkje.

Lars Erik Karlsen, prosjektleiar for drift i Fjordane

UTSETT: Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen det er utsett å jobbe på vegen. – Trafikken går like forbi arbeidsplassen din i ganske høg fart, og ein del bilistar respekterer ikkje varslingane våre, seier han.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Lars Erik Karlsen, prosjektleiar for drift i Fjordane for Statens vegvesen, seier vegarbeid er utsett.

Verken Karlsen eller Sande kan kommentere omstenda kring ulukka i går, men ber trafikantane vise omsyn. Det er ikkje alle som reduserer farten forbi vegarbeid.

– Ein kan tenkje seg sjølv dersom folk jobbar langs vegen og trafikken susar rett forbi, nesten over foten din, i 80 km/t, seier han.

Utsett kantslått

Rune Sande, avdelingssjef i Presis Vegdrift

FEKK SJOKK: Rune Sande frykta det verste då han vart varsla om ulukka. – Heldigvis var det ikkje så ille som bileta såg ut, men det er ei alvorleg sak, seier han.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Kantslått er ein veldig utsett arbeidsoperasjon, og vi har vurdert ulike tiltak. I tillegg til strakstiltak som fleire blitslamper, kan det vere bruk av støtputebil og styrt trafikkavvikling med følgjebil, seier Karlsen.

På møtet om eit par dagar kan dei lande på fleire tiltak.

– Vi har nokre framlegg, men dette må vi vurdere saman med Vegvesen og skiltstyresmakter. Tiltak må vi gjere for å unngå at det skjer igjen, seier Sande.

Karlsen er klar på entreprenørane har kontraktfesta malar og prosedyrar dei må følgje for vegarbeid.

– Dei skal gjere risikovurderingar og skilte. Det er også gjort her, men uansett er det utsett å jobbe langs trafikkert veg, seier han.

Mange spørsmål

Ulukke

ULUKKE: 12 personar vart sende til sjukehus etter at turbussen krasja i ein hjullastar som dreiv med kantslått ved Berstad i Stryn.

Foto: NRK-TIPSAR

Sande seier at ulukka prega dei tilsette i Presis Vegdrift. Kollegaen deira vil vere på sjukehus eit par dagar for utgreiing.

– Eg har så vidt snakka med han. Han var forslått, men har det elles bra. Slik det ser ut no har vi lettare skade på vår medarbeidar, seier Sande.

– Vi er berre glade for at det ser ut til å ha gått bra, både med vår mann og turistane. Dette kunne gått verre, avsluttar Karlsen.