Hopp til innhold

Politiet seg i gang etterforsking etter redningsaksjon

Politiet i Stryn skal etterforske saka der ein ungdom køyrde i fjorden på riksveg 60 mellom Utvik og Innvik søndag kveld.

Trafikkuhell i Stryn.

STORAKSJON: Politi, ambulanse og brannvern rykte ut etter melding om bil i fjorden mellom Utvik og Innvik.

Foto: Arne Vik

Fleire ambulansar, politi, redningshelikopter, brannvesen og Røde Kors rykte ut då forbipasserande hadde observert eit hol autovernet langs riksvegen.

Då brannvesenet kom til staden såg dei ein bil i sjøen, men dei fann ingen personar. Ein omfattande redningsaksjon vart dermed eit faktum.

Politiet utelukkar ikkje at dei kan kome til å krevje erstatning frå guten, etter den store utrykkinga som kosta dyrt.

16-åringen hadde sjølv kome seg i land, sprunge heim og fått på seg tørre klede, før han vende tilbake til staden.