Hopp til innhold

Endeleg får han setje planane om bølgekraftverket ut i live

Bølgekraft kan vere løysinga på det skrikande behovet verda har for rein energi. I Vågsøy er 15 år gamle planar endeleg i ferd med å bli sett ut i live.

Geir Arne Solheim har stor tru på bølgekraftprosjektet sitt

EIN STOR DRAUM: Dei 15 år gamle planane om bølgekraft blir no endeleg sett ut i live.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Draumen er at bølgekraft vil vere ei energikjelde vi kan lukkast med, seier Geir Arne Solheim.

Han er direktør i Havkraft, eit selskap som satsar alt på dei fornybare kreftene i havet. Nettopp bølgjene.

Sidan 1998 har hatt ein draum om å spele på lag med bølgjene og gjere dei om til rein energi, og i desse dagar tek planane eit nytt steg.

– Vi har enorm respekt for kreftene som er i bølgjekraft. Over fleire år har vi luka vekk feilkjeldene og hatt ei gradvis utvikling, og det er det som gjer at vi no håpar vi kan lukkast, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I 15 år har ein mann frå Vågsøy hatt ein draum om å temma bølgene og gjera dei om til rein energi. 
No skal han endeleg prøva ut ideen sin...

Freista av utfordringa

På Raudeberg i Vågsøy er eit spesielt arbeid no i gang. I Europa er det eit skrikande behov for rein energi, og nettopp det behovet håpar Solheim at han og Havkraft kan vere med å stille.

– Vi har sett potensialet som er i bølgekraft.

– Det at dette er ei utfordring som verda ikkje har klart å løyse, det har trigga oss i forhold til å tenkje at dette er noko vi kan klare, seier han.

Slik vil dei lage grøn energi

Solheim sin bølgekraftide blir no endeleg prøvd ut, og den første prototypen som kan revolusjonere den grøne kraftindustrien er no under bygging.

Det dei ønskjer å plassere ut i sjøen er eit bølgekraftverk med ein omkrins på 300 meter. Den kan kombinerast med ein vindturbin, og straumen blir produsert ved at bølgjene presser luft opp rør som spinner i ein turbin.

– Det er med den største ærefrykt at vi går inn i denne jobben. Det er ei herleg kjensle å høyre at det blir sveisa på min ide. Det å sjå at dette er plater som skal ut i sjøen, det er veldig kjekt etter så mange år, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Arne Solheim

STORT POTENSIAL: Meiner Geir Arne Solheim i Havkraft om bølgekraft.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Mange som har feila

Men det er mange som har prøvd seg på bølgjekraft tidlegare, men som har feila. Professor i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Erling Holden, meiner Norge har eit godt grunnlag for å bli gode på bølgekraft.

– Forskingsrådet hadde eit eige forskingsprogram på bølgekraft på 1980 og 1990-talet, men det blåste bokstavleg talt vekk. Men Norge har ei lang historie med bølgekraftforsking, og vi har eit fagleg godt grunnlag for å bli gode på dette, seier han.

Det er behovet for grøn energi som gjer at bølgekraft no er i vinden.

– Ein leitar etter fornybare energikjelder som har mindre påverknadsgrad enn dei fossile energikjeldene som blir brukte i dag. Bølgekraft er eitt av alternativa.

– Kanskje er det ikkje nummer ein i køen, nett no er det mykje fokus på sol og bioenergi, men dette kan vere eit godt alternativ, seier han.

Trur bølgekraft har stort potensial

Solheim har sjølv stor tru på sitt eige prosjekt.

– Eg byrja jobbe med bølgekraft i 1998 og det har vore mange år med slit. Men vi har brukt tida, og lært av dei feil som har blitt gjort.

Dersom prototypen som er under bygging viser seg å fungere, vil den i tilfelle vere den første i Norge. Solheim er trygg på at også resten av verda vil ha lyst på produktet.

– EU har som mål at bølgekraft skal vere framtida. Både i form av arbeidsplassar, for å få ned klimautslepp og for vekst og utvikling i Europa. Så eg trur dette er midt i blinken i forhold til marknaden.