Hopp til innhold

Set av 1,8 milliardar til utbetring av tunnelar

Heile 53 tunnelar her i fylket treng utbetringar og i dag sette fylkeskommunen av midlar til opprusting til 34 av dei.

Høyangertunnelen

BLIR UTBETRA: Utbetringa av Høyangertunnelen er allereie i gong. No står 34 nye tunnelar for tur.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det vart bestemt i samferdsleutvalet, som i dag sette av nesten 1,8 milliardar kroner til desse tunnelane fram til 2025. Staten dekkjer om lag halvparten av kostnaden.

– Dette er eit heilt naudsynt grep. Vi har visst over lengre tid at vi har hatt eit stort etterslep på vedlikehald av tunnelane våre og dette er ein samla plan på korleis vi skal løyse desse utfordringane, seier utvalsmedlem Arnstein Menes (Sp).

Ein alvorstynga Arnstein Menes som settefylkesordførar

NØGD: Arnstein Menes (Sp) er glad for at fylkeskommunen no kan setje i gong å utbetre ei lang rekkje tunnelar dei neste ti åra.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sjølv om Menes er glad for at dei får tatt unna brorparten av vedlikehaldet, meiner han behovet er enno større.

– Men vi har ein viss sum kroner vi kan bruke og dette er så langt vi har greidd å strekkje oss i denne saka, seier han.

Utbetringane i Høyangertunnelen er allereie i gong, etter mykje om og men også med naudnett. Arbeidet i resten av tunnelane vil bli sett i gong i prioritert rekkefølge, men detaljane er enno ikkje klare.

– Det er kanskje først og fremst ein del tunnelar på fylkesveg 53 og 55 som står øvst på lista. seier Menes.